annonse

Kvesser kokkeknivane for kundane

Bokaktuelle
Bokaktuelle: Anders Totland (til høgre) og Marius Knutsen, begge til dagleg medarbeidarar her i Sunnhordland, gir i haust ut boka «Digg – gjer kvardagen til ein fest». (Foto: Marius Knutsen)

Kokk, journalist, organist og forfattar Anders Totland er i desse dagar aktuell med to nye bøker.

Magne Kydland

I tillegg til ungdomsromanen «Så lenge ingen ser oss», som kjem ut på Gyldendal forlag, kjem han ut med kokeboka «Digg – gjer kvardagen til ein fest» på Skald forlag, saman med stordabu og fotograf Marius Knutsen.

Boka blir offisielt lansert på Skald sin haustfest på torsdag, men er alt å finna i butikkhyllene. Som eit ekstra krydder for dei mest matglade, lokkar forlaget, i samarbeid med lokale bokhandlarar, med at du òg kan få sjølve kokebokforfattaren på besøk, viss du kjøper boka lokalt, heiter det i ei pressemelding.

Den heldige får kokken på besøk på nyåret. Då tar han med seg råvarer og utstyr og alt som trengst, og diskar opp til ein trerettars middag for fire.

– Dei lokale bokhandlane gjer ein utruleg viktig jobb. Når eg no debuterer som kokebokforfattar, synest eg det er veldig fint å kunna gje noko tilbake, seier Totland som har gjeve ut fire bøker på under to år.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut