annonse

Lokale forfattarar skreiv seg inn i toppliste

På lista
På lista: Atle Hansen (f.v.), Anders Totland og Siri Økland er alle sunnhordlendingar på topp 100-lista. (Foto: Marius Knutsen / Henrik M. Andreassen/Arkiv)
På lista
På lista: Bjørn Sortland (f.v.) og Ingelin Røssland er med. Her saman med Terje Torkildsen. (Foto: Henrik Mundal Andreassen/Arkiv)

Ingelin Røssland, Anders Totland, Bjørn Sortland, Atle Hansen, Tor Arve Røssland og Siri Økland er alle med.

Vidar Hope

Foreininga Leser søker bok presenterte torsdag topp hundre-liste over dei beste bøkene i alle sjangrar. 100-lista er ei oversikt over dei 100 beste bøkene for alle, som er gjeve ut dei tre siste åra. Bøkene er, ifølgje foreininga, valt ut på grunn av lesarvenlegheit og litterær kvalitet.

«De har godt språk. Fortellinger som engasjerer og trekker leseren med seg. Skrifttypen er tydelig og lesbar, oppsettet er ryddig og det er luft mellom linjene. Flere av bøkene har flotte og inspirerende illustrasjoner», skriv Leser søker bøker.

Seks av forfattarane som er representert på lista kjem frå den alltid blømande litterære regionen Sunnhordland. Prosjektet Leser søker bok er tildelt nærare éin millionar kroner frå Nasjonalbiblioteket for å arrangera aktivitetar i samband med Bokåret 2019. Det heile vart sparka i gang denne veka.

På lista
På lista: Bjørn Sortland (f.v.) og Ingelin Røssland er med. Her saman med Terje Torkildsen. Foto: Henrik Mundal Andreassen/Arkiv

– Me er svært glade for støtta og ser fram til å tilby gode litteraturopplevingar for alle. Med desse midlane skal me få til eit nasjonalt løft på formidling av litteratur i Bokåret 2019, seier dagleg leiar i Leser søker bok, Monica Helvig.

Forfattar Anders Totland, fødd og oppvaksen på Bømlo, og no busett i Kvinnherad, inne med heile tre bøker – alle ungdomsromanar – på 100-lista for 2019.

Sjå heile topp 100-lista her.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut