annonse

Lokale krefter i jazzklubben

På sjette året
På sjette året: Breibandet Big Band har halde det gåande sidan 2011. Laurdag spelar dei hos Stord jazzklubb. Her frå 1. mai-arrangementet i vår. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

Stord Jazzklubb får laurdag besøk av Stord Musikklag og Breibandet Big Band.

Magne Kydland

– Breibandet Big Band blei etablert i 2011, og storbandensemblet har dei siste åra etablert seg i lokalmiljøet i Sunnhordland. Bandet spelar god gammaldags storbandmusikk og har vekt både engasjement og begeistring blant publikum. Øystein Kloster er vokalist med bandet på denne konserten, skriv jazzklubben i ei pressemelding.

Stord musikklag skulle vera kjende for dei fleste, og dei har med vokalist Margrete Lund Skorpen og saksofonist Ole Jacob Hystad som solistar. Begge desse har vore med korpset fleire gonger tidlegare.

Les også: Familieforetaket spelte inn ny musikkvideo på Huglo

– Til denne konserten skal dei framføra musikk frå jazzen sitt standardrepertoar. Dei vil opptre saman og kvar for seg, med Stord musikklag som tonefølgje. Dirigent for Stord Musikklag er Preston Kingsley, heiter det i pressemeldinga.

Sjekk konserthausten i Sunnhordland her

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut