annonse

Macody Lund med rolle i storfilm

Superhappy
Superhappy: Stordabuen er for tida i Berlin på innspeling. (Foto: Marius Knutsen)

Synnøve Macody Lund (41) har fått ei rolle i Hollywood-oppfølgjaren til «The girl with the dragon tattoo».

Marius Knutsen

Dryge seks år etter at Daniel Craig spelte hovudrolla som Mikael Blomkvist i Hollywood-filmen «The girl with the dragon tattoo», blir det no jobba med oppfølgjaren.

Medan «The girl with the dragon tattoo» var basert på Millenium-trilogien til den svenske forfattaren Stieg Larsson, tek oppfølgjaren «The girl in the spider`s web» utgangspunkt i den fjerde boka om Lisbeth Salander. Den mykje omtala boka er basert på notata til den no avdøde Stieg Larsson (1954-2004), og skrive av David Lagercrantz.

Ifølgje IMDB har Synnøve Macody Lund, som kjem ifrå Nordbygdo på Stord, ei rolle i filmen som har premiere i november.

– Eg kan bekrefta at eg har ei rolle i filmen, og er superhappy for det. Eg er i Berlin på innspeling no, seier Macody Lund til Filter.

Mitt Sunnhordland: Les portrett med Synnøve Macody Lund her

NY ROLLE
NY ROLLE: Synnøve Macody Lund har fått ei rolle i oppfølgjaren til «The Girl With The Dragon Tattoo». Foto: MARIUS KNUTSEN

Medan Craig spelte journalisten Mikael Blomkvist i den første Hollywood-filmen frå Millenium-trilogien, var det Rooney Mara som spelte rolla som Lisbeth Salander. I filmen som no blir spelt inn, er det Claire Foy som skal spela Salander. Sverrir Gudnason skal spela Blomkvist. Det er endå ikkje kjent kva for ei rolle Macody Lund har fått i filmen.

Sunnhordland har også vore i kontakt med Synnøve Macody Lund. Strenge reglar i produksjonen hindrar likevel storabuen å fortelja om kvardagen på filmsettet.

– Eg kan diverre ikkje seia meir om dette prosjektet enn det eg allereie har sagt til Filter. Det får eg rett og slett ikkje lov til, seier Macody Lund til Sunnhordland.

Les også: Macody Lund kasta glans over «Hjemsøkt»-premieren på Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut