annonse

– Me er blitt litt mindre vulgære med åra

Rølp
Rølp: Luxus Leverpostei kjem til Leirvik fredag kveld. (Foto: Luxus Leverpostei)

Fredag 13. oktober er partybandet Luxus Leverpostei tilbake på Stord etter mange år. Då held dei fem rølpegutane konsert på Sjøhuset.

Kjetil Østrem

– Me gler oss heilt vilt, seier frontfigur Bob Kåre Moen.

Luxus Leverpostei har levert rølperock til det norske folk i 25 år, og selt 300.000 plater og 25.000 singlar. Med andre ord har dei selt til både gull og platina. Men det er likevel liveshowa bandet er mest kjende for.

– Me er blitt litt mindre vulgære med åra. Men er du over 92 år, og slit med å sjå humoren og ironien i det heile, bør du nok halda deg heime denne kvelden, seier Moen.

Få oversikt over kulturhausten i Sunnhordland

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut