annonse

Millionoverskot

Tysnesfest
Tysnesfest: 1,5 millionar i pluss, er prognosen for årets rekneskap etter folkefesten på Tysnes. (Foto: )

I fjor enda Tysnesfest opp med eit resultat før skatt på minus 941.000 kroner.

Magne Kydland

Dette trass i 27.000 besøkjande og ein omsetnad på 19,1 milionar. Difor vart det gjort nokre grep i år, og no er rekneskapen klar: Det ligg an til eit overskot på rundt 1,5 millionar kroner, skriv avisa Tysnes.

Dermed er underskotet frå i fjor dekt inn, samstundes som festivalen har pengar på bok og ein solid eigenkapital med tanke på framtida.

Totalt 32.000 personar var innom årets arrangement. Stiftinga bak festivalen har hatt overskot i regneskapen heilt sidan 2011, med 2015 som eit toppår.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut