annonse

Minnast faren Hjalmar

I London
I London: Produsent Gisle Østrem (f.v.), Cecilie Anna Rønhovde og Alex Wharton i Abbey Road. (Foto: Privat)
Til far sin
Til far sin: Cecilie Anna har hatt faren, Hjalmar Rønhovde, i tankane då ho laga soloplata, som kjem 30. november. (Foto: Anita Haugland / arkiv)
Faren
Faren: Hjalmar Rønhovde i parken ein regnfull dag. (Foto: Privat)

Har laga soloplate, tileigna sin avdøde far.

Magne Kydland

Cecilie Anna, med etternamn Rønhovde, kjem i slutten av månaden med soloplata «I’m Here». Platesleppen blir på Grand Hotell torsdag 30. november.

Plata er tileigna far til Cecilie Anna, Hjalmar Rønhovde.

– Far var nemleg svært glad i musikk, og spela sjølv trompet. Blåsarane på plata er til minne om han, og sidan me bur på Vestlandet er det også med litt regn. Eg har valt å omtala «I’m Here» som ei «sakte-plate». På same måte som ein i ei bok ikkje nødvendigvis flyttar fram til byrjinga kapitla ein ser for seg folk kanskje kjem til å lika best, har eg ikkje teke omsyn til eller spekulert i kva som kjem til å slå best an av songane, kva som mogelegvis kan verta det me kallar «hits». Plata kan i så måte samanliknast med sakte-tv frå fuglefjellet, eller båtreisa frå Bergen til Kirkenes. Instrumentalsporet «Den Grøne Dagen» er den første songen eg laga, då eg var ti år. Den har følgt meg i alle åra sidan, og eg er glad for at den kunne få ein plass på plata. «Baby Doll» blei til då eg var sytten. Resten har komme til med åra, den siste i haust, «The Smallest Bird», som er ein song til Leonard Cohen sitt minne, fortel Cecilie Anna.

Faren
Faren: Hjalmar Rønhovde i parken ein regnfull dag. Foto: Privat

Musikarar på plata er Rebecca Almås på althorn, Åge Østrem på kornett og flygelhorn og Torstein Overweg på eufonium. Vidar Vedå er med på kor.

Les også: Sjå Familieforetaket sin nye musikkvideo frå Huglo

12. oktober var Cecilie Anna, Gisle Østrem og Vidar Vedå i Abbey Road i London for å mastra plata.

– Jobben mastering engineer Alex Wharton har gjort på «I’m Here» har sett eit flott punktum for ein flott produksjon der Gisle Østrem endå ein gong har sytt for topp utstyr og leiing av innspeling, i tillegg til mixing, fortel Rønhovde.

Til vanleg er Cecilie Anna songskrivar og frontfigur i bandet Familieforetaket. Musikken der er hakket meir utagerande, mens songane på «I’m Here» er lågmælte og rolege. Familieforetaket jobbar med materiale med ny plate planlagt utgjeven i 2018.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut