annonse

Nese slepp ny singel

Nytt namn
Nytt namn: Nese (tidlegare Nese Rastafari) slepp ny song i morgon. Her frå Arena for tre år sidan. (Foto: Ingvild Eide)

I morgon slepp reggaebandet Nese singelen «Fyka som ein fuggel».

Ingvild Siglen Berger

Nese, som kjem frå Bømlo, er tidlegare kjent som Nese Rastafari. Musikalsk hentar den nye låten element frå både rap, reggae og vise.

– Tematisk sett tek låten opp ei leiting – eller lengt, om du vil – etter individuell fridom i eit moderne og prestasjonsdrive samfunn, skriv bandet i ei pressemelding.

Singelen vert den siste frå debutalbumet, og er spelt inn i Ocean Sound Recordings på Giske i mars 2018.

Medverkande på singelen er Åsmund Nesse (vokal), Hans-Olav Molde (trommer, kor, synth og elgitar), Gunvald Hagen (clavinet), Jon Trygve Olsen (orgel), Torbjørn Brandal (elgitar), Edvard Mjanger (elbass), Andreas Rotevatn (trombone) og Audun Humberset (perkusjon).

Nese sitt debutalbum «Best of» kjem ut 11. mai. Då vert det sleppefest i Bergen, før Nese er klar for å få det til å koka over på heimebane med sleppefest på Bømlo 18. mai.

Les også: Sjøsalt ettermiddag med Åsmund Nesse

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut