annonse

No kjem bokbåten

Populært
Populært: I fjor var over 4.000 personar om bord i «Epos». Til helga kjem bokbåten til våre farvatn. (Foto: Arkiv)
Slik er seglingsplanen i Sunnhordland

Bokbåten «Epos» på haustturné i Hordaland.

Magne Kydland

Denne veka startar haustturen med bokbåten «Epos» i Hordaland. Bokbåten er lasta med nye og gamle bøker, lydbøker og kulturelle opplevingar. Både barn og vaksne langs ruta kan gle seg til at bokbåten stoppar på eit stopp nær dei.

Sørdelen av Hordaland får først besøk. Turen startar på Strøno i Os tysdag, før ferda går sørover.

– Me kan gle oss over eit program med skulen, skulevegen og elevar som tema. Alf Prøysen som har skrive tekstane. Programmet heiter «Jada, jada, ja», og Fred Dalbakk og Anne Persdotter Flugstad syng og fortel.

Nordturen startar på Skogsvåg på Sotra 20. november med Merethe Gauden og programmet «Eventyrmuseet». Ho skal snakke om og fortelje eventyr.

– På denne turen har me og to program for vaksne. Det eine er «Valgets kavalér – Ragnar Hovland les for vaksne» med Ragnar Hovland. Dette er ein del av programmet til Falturiltu-festivalen i Leirvik. Det andre er forfattar og musikar Atle Hansen som syng eigne songar og fortel historier frå Sunnhordland. Han skal vera på Espevær, heiter det i pressemeldinga.

I fjor hadde Epos ein liten auke i besøket. Litt over 4.000 personar var om bord i Hordaland.

Hordaland fylkeskommune finansierer bokbåten i Hordaland. Drifta blir organisert i samarbeid med Lindås bibliotek.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut