annonse

Ny bok om banda mellom Fitjar og Shetland

: Berit Vatne Vik (83) debuterte som forfattar i ein alder av 66 år. No er ho ute med si sjuande bok.
(Foto: Leirfuglen forlag)

Forfattar Berit Vatne Vik har morsslekta si frå Sunnhordland. No kjem ho ut med ei ny bok om dei usynlege trådane som vart trekte frå Fitjar over Nordsjøen saman med vikingskipa.

Magne Kydland

- «Bakom kvite skyer» er ei fengslande historie om ung kjærleik, lengt og livet i vikingtida. Dette er vikingromantikk på eit velsigna godt nynorsk. I våre dagar tek seglasen frå Fitjar til Shetland vel eit døgn. På 900-talet kunne det nok ta litt lenger tid, men banda mellom Sunnhordland og øyane i vest var sterke. Denne romanen handlar om unge Hallgjerd på Shetland som går og ventar på den store kjærleiken; Torarin frå Fitjar. Også tidlegare bøker av Berit Vatne Vik har teke utgangspunkt i landskap, folk og historiske hendingar på Fitjar, heiter det i ei pressemelding frå det nystarta Osterøy-forlaget Leirfuglen.
 
 
 
Framsida på boka er måla av kunstnaren Hennie Andersen. Biletkunstnaren, som har hatt fleire utestillingar på Osterøy, har medverka til at boka er eit lite kunstverk i seg sjølv. Ho har henta hovudpersonen ut or teksten og plassert henne under den høge himmelen på Shetland.
 
 
 

 
Berit Vatne Vik (83) har heile morslekta si frå Fitjar. Mor hennar, Nilla Skumsnes (gift Vatne) hadde 16 sysken, og dei fleste etterkomarane deira er busette i Sunnhordland. Forfattaren, som debuterte då ho var 66 år gamal, er fødd og oppvaksen på Seim i Nordhordland, men er busett på Osterøy. Dette er den sjuande boka hennar. Ho har skrive fleire stykke i Stordamål og Øyamål. I åra 1951-1955 gjekk ho på Stord off. lærarskule.
 
 
 
På Shetland går Hallgjerd og ventar på kjærasten Torarin, som held til bakom dei kvite skyene i aust. Ho har orda til bestemora i øyra: «Bakom dei kvite skyene, der ligg heidningelandet Noreg». Hallgjerd lengtar etter den store kjærleiken.Torarin har lova at han ein gong skal koma attende til henne, men kor lenge kan Hallgjerd venta?
 
 
- Bakom kvite skyer er ein frittståande roman, men lesarane vil kjenna igjen persongalleriet frå dei tidlegare bøkene med handling frå vikingtida. Dette er ei allalderbok som vil passa for lesarar over 12 år, melder forlaget.
 
 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut