annonse

Nytt lokalt band klar for første offentlege konsert

Første offentlege konsert
Første offentlege konsert: Onsdag vert det konsert med Gunhild Aadland Rolfsnes og bandet Klingenberg på Grand Hotell. (Foto: Privat)

Onsdag held Gunhild Aadland Rolfsnes og Klingenberg konsert på Grand Hotell.

Magne Kydland

Gunhild Aadland Rolfsnes arbeider til dagleg som høgskulelektor i musikk på HVL, noko ho har gjort dei siste ni åra. Ho har utdanning med hovudfag i musikkvitskap og eksamen i klassisk song frå NTNU i Trondheim, men har som songar funne sitt uttrykk i skjæringspunktet mellom jazz, soul, gospel, negro spirituals, blues, pop, viser, salmar og folketonar.

Klingenberg består av Gunhild Aadland Rolfsnes på vokal, Åsmund Espeland på gitar, Jonas Selås Olsen på gitar og Frode Hammersland på bass. Alle er kollegaer på musikkavdelinga ved HVL, og namnet er henta frå HVL si adresse i Klingenbergvegen. Med seg har dei også Ole Jacob Hystad på saksofon og nyleg heimflytta Martin Hystad på trommer. Klingenberg har ved fleire høve spelt saman på interne tilstelningar på HVL, og denne konserten vert deira første offentelege speling.

– Håkon Tolås, pianist og heimflytta bømling, kjem til å bidra med mykje improviasjon og herlege harmoniseringar i duo med Gunhild. Dotter Oda Rolfsnes er også med og bidreg på eit par av songane. Repertoaret denne kvelden er variert, og mykje vil vera kjent for mange som likar å lytta til jazz og soul. Stikkord: Nina Simone, Lizz Wright, Gregory Porter, Jacob Collier, Joni Mitchell, Radka Toneff, Erik Bye, Trygve Skaug, trad. gospel, Sting, Come Shine og Billie Holiday, skriv Aadland Rolfsnes i ein e-post til Sunnhordland.

Lurer du på kva som skjer? Sjekk kulturkalenderen i Sunnhordland!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut