annonse

Nytt tilbod til musikkinteresserte på Stord

KONSERTAR
KONSERTAR: Marita Kjetland Rabben (t.h.) er klar med konsertserien «Flygel til lunsj» i Stord kulturhus. Operasongar Ingrid Vetlesen er med på opningskonserten. (Foto: Privat)

No startar ein heilt ny klassisk konsertserie på Stord.

Ingvild Siglen Berger

Det er Marita Kjetland Rabben som står bak serien Flygel til lunsj, og opningskonserten går av stabelen førstkommande laurdag på kulturhuset.

– Her blir det feststemning, fantastisk musikk og kaffi servert på ein gong, midt på dagen. Eit lågterskeltilbod til alle som har lyst til å krydra helga med ei musikkoppleving, skriv Rabben i ei pressemelding.

Ho har lenge hatt i tankane å laga ein kammerkonsertserie, og er oppteken av å minska avstanden mellom publikum og musikarar, som er noko av ideen bak Flygel til lunsj.

– Ved å invitera publikum opp på scenen, tett på flygelet, har me no eit kjempefint lokale for intimkonsertar på Stord, skriv ho.

Uformell ramme

Konsertserien skal gå to laurdagar i halvåret, der stordabuen kan oppleva kammerkonsertar i ei svært uformell ramme, tett på utøvarane.

– Det ikkje alltid så lett å setja av ein heil kveld til å gå på konsert, og mange forbind kanskje klassisk musikk med lange kveldar i mørke salar, meiner Rabben.

Difor er konsertane lagt til tidspunkt der mange uansett er i sentrum, nemleg laurdag føremiddag.

– Her kan ein kombinera helgehandel, kafébesøk og konsert, stikka innom som ein er og nyta klassisk musikk i små porsjonar, melder Rabben.

Urframføring

Ho har invitert musikarar frå heile landet for å vera med, og tema for konsertane vil variera. Til sjølve opningskonserten skal operasongar Ingrid Vetlesen frå Lillesand vera med.

– I tillegg urframfører eg solostykket «Pianoramaskrik», skrive på bestilling av Trygve Brøske. Litt av dette stykket vart framført på flygelet sin innviingskonsert i 2017, og no er heile komposisjonen klar til å møta publikum, skriv Rabben.

I 2017 fekk kulturhuset eit nytt Steinway-flygel, som Rabben ønskjer at fleire skal få oppleva på nært hald.

Har fått støtte

Programmet for heile 2019 er førebels spikra. I vår vert det berre éin konsert fordi Rabben er høggravid, men i september er serien tilbake igjen. Tema for konsert nummer to vert avslørt på opninga.

– Førebels er programmet spikra for 2019, men dersom serien fell i smak hos stordabuen, er dette noko me gjerne vil halda fram med vidare også, skriv Rabben.

Flygel til lunsj er støtta av Norsk kulturråd og Fond for utøvande kunstnarar. Konsertane vert arrangert i samarbeid med Stord kulturhus og Herdis Belsvik. Rabben fungerer både som pianist og produsent.

Sjekk oversikta over kulturarrangement i heile Sunnhordland her!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut