annonse

Olsen syng om kjærleik

Snart plateklar
Snart plateklar: Endre Olsen, her frå speling på basar på Fjellgardane. er i dag ute med singelen «Halve meg». (Foto: MARIUS KNUTSEN)

Kjetil Østrem

Endre Olsen er ute med den nye singelen «Halve meg» frå albumet «Bøttevis med blått», som kjem på Apollon Records 18. mai.

Der førstesingelen «Alle lyso på» viste fram stordabuen si evne til å skriva fengjande, britisknikkande pop, ber den nye singelen meir preg av Olsen sin vedvarande americana-inspirasjon.

Med grinande steelgitar og nervespente vokalharmoniar serverer han denne gongen ein tilbakeleng, alternativ kjærleikssong, heiter det i ei pressemelding frå plateselskapet.

Basar og gitar: Endre Olsen spelte inn musikkvideo i Fjellgardane bygdahus

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut