annonse

Opnar utstilling fredag

KUNST
KUNST: Anita Våmartveit let seg ofte inspirera av havet, dyr og fuglar som svaner. (Foto: Privat)

Fredag opnar festivalutstillinga under Fitjarfestivalen, på Galleri Losjen.

Årets kunstnar er malar Anita Våmartveit. Ho er utdanna illustratør, med «Diploma with Distinction» frå Gemini School of Illustration i England.

I mange år jobba Våmartveit for ulike vekeblad i Skandinavia, i tillegg til å illustrera bøker og teikna.

Våmartveit har òg vore med som teiknar i «Fornemmelse for mord» som gjekk på TVNorge for nokre år sidan, saman med Lars Slettebø.

No lagar ho mest eigne bilete, og let seg mellom anna inspirera av havet, lys og dyr.

– Å få invitasjon om å stilla ut på Fitjar, minna meg om at eg visste altfor lite om bygda som berre er eit steinkast unna. Difor har eg tatt med nokre turar hit, for å sjå kva skattar som finst her, melder kunstnaren, som er busett på Bømlo.

På opninga vert det både musikk ved mellom andre Kristina Hauglid og tale av ordførar Wenche Tislevoll.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut