annonse

På tur-Ståle fekk med seg «sjefen over alle sjefer»

På tur
På tur: Asgeir Borgemoen (t.v.) laga reportasje om Ståle Eskeland. Og omvendt. Sjå video i toppen. (Foto: Skjermdump)

Hestehandel i Hornelandsvågen.

Vidar Hope

Ståle Eskeland er eit etter kvart kjend namn blant bilinteresserte langt ut over kommunegrensene. Som «Sinnamekker’n» har han hatt stor suksess med videsnuttar på Facebook. I fjor hadde Eskeland ein eigen videoserie her på Sunnhordland.no.

I sist veke fekk stordabuen besøk av Asgeir Borgemoen – for borna best kjend som «sjefen over alle sjefer», og for bilinteresserte som programleiar for «Garasjen», som blir sendt på Viasat 4. Me snakkar sjølvsagt om Asgeir Borgemoen.

Programmet «Garasjen» har etter kvart gått over mange sesongar, og må ikkje forvekslast med ein programserie med same namn, som gjekk her på Sunnhordland.no for nokre år sidan.

– Eg kuppa Asgeir for ein tur og ein bilprat då dei sjølv skulle laga reportasje for «Garasjen» i garasjen min. Reportasjen hans kjem i neste sesong, men eg laga ein liten episode med han som gjest, seier Eskeland.

Episoden kan du sjå i toppen av saka.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut