annonse

Pakkers til vise- og lyrikklubb

Inviterer til Lykling
Inviterer til Lykling: Geir Ersland i vise- og lyrikklubben på Lykling på Bømlo byr på bandet Pakkers kommande laurdag. (Foto: Arkiv)

Lykling vise- og lyrikklubb har som føremål og spreie ord og musikk til allmenn gunst og glede.

Magne Kydland

– Laurdag kjem folkbandet Pakkers med eigne ord og tonar i takt. Pakkers, tidlegare kjent som Matpackers, er frå Vindafjord i Rogaland. Gruppa platedebuterte i 1998 med albumet «Tviarbeid» og etter albumet «Hedersmann» i 2005 valde bandet og skifte namn til Pakkers. I 2010 kom albumet «La hammeren slå». Lokale skriveføre les dikt med og utan innleving i forkant av konserten i det gamle bedehusbygget på Lykling, melder primus motor Geir Ersland i ei pressemelding.

Les også:

Få oversikt over kulturhausten i Sunnhordland her!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut