annonse

Polka i viseklubben

Til Stord
Til Stord: Polkabjørn & Kleine Heine blir å høyra på Olsen & Jensens viseklubb kommande laurdag ettermiddag. (Foto: Presse)

Komande laurdag ettermiddag er det klart for eit kjærkome gjenhøyr med den hysterisk underhaldande duoen Polkabjørn & Kleine Heine på Olsen & Jensens viseklubb.

Magne Kydland

– På repertoaret står som alltid kompromisslaus jodling, utsvevande trekkspel, ein god dose polka, gravferdssongar, tysk undergangsmusikk frå mellomkrigstida, Jens Book-Jenssen og mongolsk populærmusikk, heiter det i ei pressemelding.

Bak psevdonyma skjuler seg nordeuropeisk meister i jodling, Bjørn Tomren (som etterkvart òg har bevega seg opp i teten blant europeiske strupesongarar) og trekkspel-virtuos, Heine Bugge. Saman står dei for noko med det mest særeigne, imponerande og elleville ein kan oppleve på norske scenar i dag.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut