annonse

Populære vossingar vender tilbake

Førebuingar
Førebuingar: Styringsgruppa i Fest i Vest er godt å gang med å førebu festivalen i juni. No er det klart at The Vossa Rebels kjem tilbake. (Foto: ARKIV)

Fest i Vest har booka The Vossa Rebels til festivalen.

Anita Haugland

– Fest i Vest 2018 ønskjer The Vossa Rebels velkommen tilbake til Sagvåg fredag 29. juni. Etter overveldande tilbakemeldingar frå publikum i fjor, trur styringsgruppa at dei kjem til å imponera enda meir i 2018, heiter det i ei pressemelding frå Åge Stokken, på vegner av styringsgruppa i Fest i Vest.

Dei har også booka inn bandet I am K til å spela i Skjepavikjo dagen etterpå.

– Bandet blei trekt ut som Vestlandssatsinga 2018, og sidan Fest i Vest er éin av tolv festivalar med utspring frå 100 dagar, kjem dei til Sagvåg siste helga i juni, uttaler Stokken.

Les også: I am K er årets vestlandssatsing

Han skriv at styringsgruppa har komme langt i forarbeidet til årets store hending i Sagvåg.

– Dei fleste store utfordringane er unnagjort, og grunnarbeidet er lagt i løpet av vinteren. No byrjar neste fase av prosjektet, med organisering av fasilitetar, billettsal og liknande, melder Stokken.

Les også: Rockeband frå Stord jaktar på ny bandmedlem

Sjekk kulturkalenderen i Sunnhordland her!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut