annonse

Rekordsum til Falturiltu

Letta
Letta: Roald Kaldestad (f.v.), Hege Myklebust. Trond Leirvik Onarheim. Anna R. Folkestad og Torill Nøstvåg i Falturiltu. I tillegg er Jane Jünger med i teamet. Arkiv (Foto: Marius Knutsen)

Kan pusta letta ut etter at viktig kulturtilskot er i boks.

Vidar Hope

– Me er utruleg letta, seier festivalsjef Roald Kaldestad.

Tysdag blei det klart at Falturiltu får 195.000 kroner i støtte frå Norsk kulturråd til årets festival.

– Me har søkt om årleg støtte i fleire år, men aldri har summen vore så høg. Det meste me har fått er 155.000 kroner, seier Kaldestad.

– Kva er det med årets søknad som gjer at de trefte så godt?

– Eg trur me har gjort lurt i å ha mykje av programmet klart i forkant av søknaden. Tidlegare har me meir hatt grovskisser, seier festivalsjefen.

Falturiltu har hatt budsjett på rundt éin million kroner i året. Norsk kulturråd er, saman med Sparebanken Vest, den viktigaste støtteordninga til festivalen. Med 195.000 kroner kan arrangøren sleppa skuldra ned med tanke på avvikling av årets festival, som går føre seg første veka i november.

Roald Kaldestad meiner å ha eit spennande tilbod til publikum i år.

– Me har vore veldig heldige med opninga og avslutninga. Eva Weel Skram sin opningskonsert har allereie gått i balanse med tanke på billettsal, halve salen er selt. I tillegg avsluttar me med Hovland og Tomrens popleksikon (Ragnar Hovland og Bjørn Tomren) på Arena. Og så er det mykje anna kjekt som me ikkje kan røpa heilt enno, seier han.

Les også:  Marit O. Kaldhol blir festivalforfattar på Falturiltu

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut