annonse

Russisk i Rosendal

Sterkt
Sterkt: Leif Ove Andsnes hadde sjølv eit sterkt møte med Dmitrij Sjostakovitsj. I fire dagar i august kan publikum får eit djupdykk i den russiske komponisten. (Foto: PRIVAT)

Til den fjerde Rosendal Kammermusikkfestival har Leif Ove Andsnes valt tittelen «DSCH» – den musikalske signaturen til Dmitrij Sjostakovitsj.

Hilde Vormedal Nybø

I løpet av fire dagar frå 8.- 11. august, skal Andsnes og årets gjesteartistar framføra eit vidt spekter av den russiske komponisten sine verk i tillegg til musikk av hans russiske forgjengere, samtidige og etterfølgjande komponistar. Gjennom forelesningar og foredrag vil Andsnes stilla spørsmålet: Kan me lytta til Sjostakovitsjs musikk i dag utan å kjenna til dåtida sine politiske hendingar? står det i ei pressemelding frå Rosendal Kammermusikkfestival.

På scenen i sommar, saman med Leif Ove Andsnes, er pianistane Sasha Grynyuk, Marc-André Hamelin, Igor Levit og Marianna Shirynian, i tillegg til Andrei Bondarenko, (baryton), Veriko Tchumburidze (fiolin), Tabea Zimmermann (bratsj), Clemens Hagen (cello), Quatour Danel, Allegria String Ensemble og klarinettist Anthony McGill. Som tidlegare år presenterer festivalen også unge norske artistar, der det i år blir gjensyn med Sonoko Miriam Welte (fiolin). Amalie Stalheim (cello), PERCelleh og Christian Krogvold Lundqvist (perkusjon) kjem også til Festivalen.

I presentasjonen av Rosendal Kammermusikkfestival 2019 seier Leif Ove Andsnes: «Norge og Russland er på ein eller annan måte veldig nær kvarandre – me har ei felles grense i nord, og eg synest det er kulturelle band mellom dei to landa. Men samstundes er Russland veldig fjernt frå oss politisk, og også fordi det er vanskeleg for oss å fatta landet sin overveldande storleik og historie.»

Andsnes sjølv hadde eit sterkt møte med komponisten.

– Det har vore spennande å setja saman dette programmet, fordi eg opplever å bli veldig rørt av musikken, samstundes er han ofte er litt eksotisk. Sjostakovitsj` musikk har ei veldig emosjonell kraft. Eg gløymer aldri den første gongen då eg bokstaveleg talt blei «treft» av musikken hans under ein konsert. Eg var 16 år gammal. Det var hans tiande symfoni, og eg var ein forandra person då eg forlét konsertsalen, heiter det i pressemeldinga.

Få med deg kva som skjer --> kulturkalenderen i Sunnhordland

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut