annonse

Så var kunstverket offisielt opna

Kunstnaren
Kunstnaren: Anders Kjellesvik takka for engasjementet og ikkje minst akka han alle støttespelarar han har hatt i arbeidet med «Den høgreiste og havet». (Foto: Magne Kydland)
Opna
Opna: Ordførar Gaute Straume Epland meiner debatt om kunst er sunt, og samtale og debatt er med og styrkjer oss som eit demokratisk samfunn. (Foto: Magne Kydland)

Dei minste leika og kosa seg og brydde seg ikkje om all debatten som har vore om «Den høgreiste og havet».

Magne Kydland

Laurdag var det offisiell opning av kunstverket «Den høgreiste og havet», som består av ein stor installasjon på torget, og sju skulpturar i Vidsteenparken.

Det er mykje som skjer på Leirvik i dag, og mykje folk var samla rundt kunstverket då kunstnar Anders Kjellesvik og ordførar Gaute Epland heldt kvar sin tale.

Begge trekte fram den store debatten som har vore om kunstverket.

– Er det ikkje berre bra at kunst skapar debatt? Kommentarfelta har gått varme, og det er ikkje noko nytt, verken her på øya eller andre stader, sa Kjellesvik – og fortalde litt om tanken bak kunstverket.

– Den høgreiste er Stordfjellet, som alltid har fungert som navigasjonsmerke, og nede speglar havet, som har danna mykje av livsgrunnlaget her i vest. Dette kunstverket står i rommet mellom hav og fjell. Min tanke er at dette skal visa litt av Stord sin identitet, som industri, offshore og landbruk. Kunstverket her på torget kan vera både ein scene, ein møtestad, eller eit amfiteater. I parken står sju skulpturar som særeigne karakterar som kjem ut av skogbotnen, og som skapar ein indre dialog. Dette blir scenografi for eit historisk drama, sa Kjellesvik – som også nytta høvet til å rosa alle støttespelarane.

Ordførar Gaute Straume Epland snakka også om debatten, og gjekk gjennom litt av det som har skjedd sidan Utsmykkingsfondet i 2013 sette av ein million kroner til kunstverket.

– Få ting skapar så mykje debatt som kunst i det offentlege rom. Det har me sett no òg. Det er eit positivt engasjement. Kunst skal utfordra oss, få oss ut av komfortsona, skapa samtale og debatt. Det har det gjort, og eg meiner dette er med på å styrkja demokratiet, og for samfunnet framover, sa Epland – før han offisielt erklærte kunstverket for opna.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut