annonse

«Side om side»-stjerna kjem til Stord, Fitjar og Bømlo

YNWA
YNWA: Hans Morten Hansen (t.v.) er den ihuga Liverpool-supporteren i NRK-serien «Side om side». Her saman med «nabo» Tore Sagen. (Foto: NRK)
Game of Hansen
Game of Hansen: 57 scenar rundt om i landet får besøk av Hans Morten Hansen. Etter det skal showet setjast opp på Latter i Oslo. (Foto: Dag Magne Søyland)

Hans Morten Hansen er rekna for dei løgnaste i landet.

Vidar Hope

Kvar laurdag er rogalendingen å sjå som den beskjedne naboen i humorserien «Side om side» på NRK 1. I haust er han på turné med eige show, «Game of Hansen». Showet hadde urpremiere på Humorhuset Stavanger tidlegare i år, og no er Hansen på kryss og tvers i landet med 57 framsyningar.

– I «Game of Hansen» set Hans Morten Hansen fokus på verda og røynda slik han ser den. Hansen har ei eineståande evne til å setja ord på det me andre berre tenkjer. Attkjenningsverdien er stor i Hansen sitt usensurerte utsegn, og han får dei mest kvardagslege hendingar og observasjonar til å framstå som originale og svært komiske, skriv Linda Wiken i Kulturmeglerne AS i ei pressemelding.

– «Game of Hansen» er kanskje den framsyninga eg er mest nøgd med sjølv av dei eg har gjort. For å bli gammal og klok må ein ein gong ha vore ung og dum, og her får publikum høyre om begge delar, seier Hans Morten Hansen i pressemeldinga.

Game of Hansen
Game of Hansen: 57 scenar rundt om i landet får besøk av Hans Morten Hansen. Etter det skal showet setjast opp på Latter i Oslo. Foto: Dag Magne Søyland

Så seint som i fjor sommar var Hansen med som skodespelar i Fitjar-revyen. Her kan du lesa fredagspraten Sunnhordland hadde med Hans Morten Hansen i fjor sommar.

Han kjem tilbake til Fitjar (kultur- og idrettsbygg) med det nye showet 16. desember. Før det skal han innom Bømlo kulturhus (7. oktober) og Stord kulturhus (14. oktober). Og ei rekkje andre bygder og byar.

Slik blir kulturhausten i Sunnhordland!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut