annonse

Sjå SKAAR syngja Sondre Justad-cover på P3 Live

SATSAR
SATSAR: Hilde Skaar har flytta til Oslo for å satsa på musikken. Denne veka song ho igjen live på P3. (Foto: ANITA HAUGLAND/ARKIV)

Denne veka vitja Hilde Skaar P3 Live, der ho gjorde sin versjon av Sondre Justad-songen «Ikke som de andre».

Ingvild Siglen Berger

Live på radio framførte Skaar også debutsingelen «Higher Ground». Med seg i studio hadde ho Benjamin Dan Ravn Fahre og bømlingen Morten Engebretsen Stokke.

– Eg og Morten har spelt i band saman før, så det kjennest veldig trygt og godt, fortel Skaar.

Ho går no under artistnamnet SKAAR, og har også tidlegare spelt live på P3.

– Det var veldig kjekt å få komma tilbake, spesielt sidan det endeleg berre er meg og min musikk som vert gjeven ut. Det er veldig kjekt å få anerkjenning for det, og det var ei fantastisk fin oppleving i studio. Dei er så greie, seier Skaar.

Utselde konsertar

Valet av coverlåt var ikkje tilfeldig. 

– Eg synest den er veldig fin. Også var det kjekt å få gjer noko på dialekt igjen, det var så moro sist, fortel Skaar.

I tillegg skal ho varma opp for Sondre Justad 24. november og 1. desember på Sentrum Scene i Oslo, når han speler dei to siste konsertane på turneen sin.

– Så det var ein liten link til det også. Konsertane er heilt utseld, så det vert skikkeleg bra, seier Skaar. 

Ny musikk på nyåret

Det var i slutten av september at SKAAR gav ut debutsingelen sin, i samband med den nye, norske spelefilmen «Battle». Singelen er gjort i samarbeid med den svenske duoen MadFun. 

På berre nokre veker hadde straumetenesta Spotify registrert over ein halv million strøymingar av songen.

– Det er berre heilt fantastisk. Veldig kjekt, sa Hilde Skaar til Sunnhordland då.

Skaar flytta til Oslo i fjor for å satsa på musikkarrieren sin, og har platekontrakt med Warner Music. Det er framleis litt hemmeleg kva ho arbeider med av prosjekt for tida.

– Men eg jobbar i alle fall med masse ny musikk, det kan eg seia. Så det er berre å gleda seg til nyåret, då kjem det litt nytt, fortel ho. 

Les også: Drøy­mer om å leva av mu­sik­ken

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut