annonse

Sjekk kva som skjer

På konsert
PÅ KONSERT: Magnus Alfarnes Johansen, Anders Blokhus Johannessen, Henrik Nesbø Vatle, Ingrid Førland, Sunniva Mellesdal Lysen, Maria Ekre, Jonas Sleen og Johannes Teetzmann kosa seg på Janove-konsert for eit snautt år sidan. Laurdag er artisten tilbake på Arena på Leirvik. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

Kulturoversikta er i ferd med å fylla seg opp for våren.

  • Redaksjonen

Fleire kulturelle arrangement står for tur kommande helg. Mellom dei registrerte hendingane i Det skjer-kalenderen til Sunnhordland finn me mellom anna live musikk med fitjarbu Årstein Tislevoll på Gruo pub i Sagvåg fredag kveld.

Goldlog frå Stord tek turen til PS Bryggekafé på Kråko i Fitjar fredag kveld. Bandet, med Ingjerd Kannelønning Kolstad og Ian Kolstad i spissen, er på ein miniturné i kyrkjer og kafear.

Fredag er det også den årlege Løp for livet-konserten i Bømlo kulturhus. På Sjøhuset på Leirvik kan du vera stjernevokalist, der blir det nemleg karaokekveld fredag.

Laurdag er det duka for musikalske sprell med duoen Gabriel Fliflet og Ole Hamre. Bergensarane spelar på Grand hotell om ettermiddagen i regi av Stord jazzklubb.

Same ettermiddag er det UKM for deltakarar i Bømlo, Fitjar og Stord. Det skjer i Bømlo kulturhus. Og samstundes med det igjen blir det utstillingsopning på Galleri Giga i Leirvik sentrum. Per Flatøy frå Almås i Sagvåg stiller ut måleri.

Laurdag kveld er det gjensyn med Janove Ottesen og bandet på Arena. Konserten har vore utselt i lengre tid. Den tidlegare Kaizers-vokalisten var på Stord i mars i fjor og hausta gode kritikkar.

Det blir litterær kveld med Tore Renberg og Janne Stigen Drangsholt i Bømlo kulturhus laurdag kveld. Dei møtest i samtale med Ingrid Leithaug Mjanger.

For dei som ikkje får med seg Årstein Tislevoll fredag kveld, dukkar ein ny sjanse opp laurdag. Då spelar han saman med Remi Sjo i duoen Raititoern på utestaden HiSio på Bremnes.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut