annonse

Slepp laus «Reven»

Speleklare
Speleklare: Harald Espeland, Johannes Aadland, Simon Kleppe Røskeland og Torstein Mongstad i Askeladden er klare med ny singel og konsert. (Foto: Privat)

Fredag slepp bandet Askeladden sin andre singel «Reven» henta frå deira kommande album. Tysdag spelar bandet i Stord kyrkje.

Hilde Vormedal Nybø

Askeladden er kjende for sine gladlåtar med røter i visepop-sjangeren, men denne gongen har bandet gått i ei mørkare retning. På singelen kolliderer den snille eventyrverda med verkelegheita sine dystrare sider. «Reven» er rå, forlokkande og fengjande, skriv bandet i ei pressemelding.

Viser med vri

– Askeladden forsøkjer å skildra livet på godt og vondt. Me har mange lystige tekstar, men med denne låten ønskjer me å presentera ein av dei mørkare sidene i samspelet mellom menneske som er på jakt etter kjærleik og tilfredsstilling av begjær, fortel stordabu Harald Espeland, som spelar gitar i bandet.

Sidan utgjevinga av deira første album i 2015 har dei fire musikarane i Askeladden vore opptekne av å bringa visetradisjonen vidare, samstundes som dei ønskjer å tilføra sjangeren ein ny vri.

Les også: Temakveldar på rad og rekkje

Rundbrennar

– Denne singelen skil seg ut frå alt me har gjort tidlegare. Det har vore veldig spennande å utforska lydbiletet og ta Askeladden i nye retningar. For eksempel sat trommespelaren vår ein dag på pauserommet og tok opp lydar han laga med ein bruskork. Dette blei seinare brukt i ein loop som går gjennom heile låten, fortel Johannes Aadland frå Fitjar, som er vokalist i bandet.

– Reven i teksten er ein mannsperson som på godt norsk kan kallast ein «rundbrennar». Dette spelar på eit gammalt metafor der eit godtruande offer blir lurt av reven si kløkt. Me ønskjer å skildra spelet som oppstår mellom menneskje som vert tiltrekt av kvarandre. Dette spelet som ikkje alltid er like reint, og ikkje alltid følgjer dei same reglane, utdjupar Johannes Aadland.

Askeladden består Forutan Aadland og Espeland av Simon Kleppe Røskeland på trommer og Torstein Mongstad på bass.

Sjekk kulturkalenderen for heile Sunnhordland her!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut