annonse

Slepp sin første singel

Ny retning
Ny retning: Ole André Westerheim har tidlegare trekt fleire fulle hus med Queen Tribute Live. No er han utan med eigen musikk. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)

Ole André Westerheim har hatt suksess med å synga andre sine songar. No har han laga eigen musikk.

Anita Haugland

Hans første singel blir sloppen i dag, første februar, og har fått namnet «Satan på veggen». I april kjem resten av albumet, og den 28. april blir dette markert med ein releasekonsert på Arena, skriv Ole André Westerheim i ei pressemelding.

– Med på prosjektet er utelukkande unge lokale krefter. Eg er stolt over å kunna seia at alle aktørar og deltakarar er frå Stord og Fitjar, og at eg sjølv er eldstemann på laget med mine 26 år. All den tid eg har vore aktiv i musikkmiljøet på Stord har det vore påstått at for å kunna gje ut noko må ein gå til den og den, og ein må gjera det på den og den måten. Dette var det på tide å gjera noko med. Difor ville eg gje ut min eigen musikk, utan hjelp frå «dei etablerte», uttaler han i pressemeldinga.

Musikken er spelt inn i ABC studio i Etne.

– Me gjekk i studio med nokre demoar og tekstar, og arbeida fram musikken saman. Teksten på denne singelen kan handla om fleire ulike ting: Den irriterande destruktive stemma inne i oss, kampen mot overmakta, sjefen på jobb, svigermor, ein irriterande nabo, fylleangst, og liknande. Teksten betyr ein ting for meg, og kanskje kan den bety noko for andre og, heiter det vidare.

Albumet er eit soloprosjekt med Westerheim sine eigne tekstar og songar.

– Eg hadde aldri klart det utan eksepsjonell hjelp frå eit skikkeleg stjernelag. Eg er svært takknemleg for at desse unge og ekstremt talentfulle musikarane ville jobba saman med meg.

Medan Westrheim står for vokal, tekst og melodi, bidreg Alf Erik Fylkesnes på trommer og miksing, i tillegg til å vera studioteknikar og produsent. Severin Vik spelar gitar, Øystein Heide Aadland spelar tangentar, Mathias Agdestein Steffensen spelar bass og Ingrid Bergesen korar.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut