annonse

Slik blir Kværner sin store festkonsert for Sverdrup-prosjektet

Til Stord
Til Stord: Aurora Aksnes er venta på scenen i Malarhallen på verftet i morgon kveld. Kværner vil ikkje stadfesta artisten. Her frå Arena på Leirvik i 2015. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

Kværner blei teken på senga sist dei inviterte innbyggjarane inn på verftet.

Vidar Hope

Over 5.500 tok vegen til Kjøtteinen då Kværner inviterte til omvising på Johan Sverdrup-plattforma 17. februar. Det var meir folk enn det var pølser og saft. Informasjonssjef Odd Naustdal vågar ikkje å spå kor mange som kjem i morgon, laurdag, når Kværner inviterer til konsertar.

Dårleg vêr

– Eg skal vera forsiktig med å gjetta, men eg trur det blir litt færre denne gongen. Dette blir ikkje eit så typisk familiearrangement. I tillegg er me ikkje så heldige med vêret denne gongen, seier Naustdal til Sunnhordland.

Vêrmeldingane ser dårlege ut for laurdag kveld. Det tek Kværner høgde for.

– Me hadde i utgangspunktet tenkt at dette skulle skje utandørs, men no har me valt å ta det inn i Malarhallen, seier han.

Naustdal meiner det skal vera plass til mellom 2.000 og 3.000 personar i hallen.

– I tillegg vil porten stå open, så om det kjem endå fleire er det plass på utsida i eine enden, seier han.

Hanka inn stjerneartist

Postgirobygget og Bjørn Berge er dei to namna som har vore klar for festkonserten så langt. Sunnhordland kjenner til at det tredje namnet, og kanskje rosina i pølsa for mange, blir stjerneartisten Aurora. Det vil ikkje Odd Naustdal stadfesta overfor Sunnhordland.

Konserten er ein del av «sail away-en» for Johan Sverdrup. Kværner har valt å markera dette over tre ulike arrangement.

– Den første delen var Sverdrup-søndag, som me hadde tidlegare. Så var det arrangementet me hadde i formiddag, med seremoniar og symbolsk kasting av fortøyningstrossene. Den tredje delen av dette blir konsertane i morgon, seier Naustdal.

Ideelt sett skulle alt skjedd same dag, men på grunn av at Johan Sverdrup no blir klargjort for å forlata verftet, er det ikkje mogeleg å gjennomføra omvisning om bord, legg han til.

– Noko for alle

Naustdal meiner programmet dei har fått til skal famna vidt – uansett musikksmak.

– Postgirobygget er eit band mange kjenner godt, som har mange kjende songar. Bjørn Berge er ein veldig dyktig artist. Og så har me ein hemmeleg artist som me trur vil treffa eit anna publikum, seier han.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut