annonse

Slik vil dei bruka stipendet

Søkjer stipend
Søkjer stipend: Tirill Eirunn Einarsdotter vil bruke eit eventuelt kulturstipend til vedlikehald av instrumentet sitt. (Foto: ARKIV)

Soloplate, danseframsyning og fremjing av steppedansen som kunstform er blant målsetjingane til stipendsøkjarane.

Anders Totland

Sidan 1982 har Stord kommune kvart år, bortsett frå i 2012, delt ut stipend til kulturutøvarar frå Stord. I 2017 er det sett av 40.000 kroner til dette føremålet, og det er sju personar som har søkt om stipend. I statuttane heiter det at stipendet skal vera på minst 20.000 kroner, og at heile summen kan gjevast til ein person eller delast mellom fleire.

Det er komite for næring, miljø og kultur som avgjer kven som får stipendet, etter at dei har diskutert saka bak lukka dører. Rådmannen legg heller ikkje fram noko innstilling, så fram til politikarane har sagt sitt må søkjarane venta i spenning.

I fjor var det Brita Grov og Per Tore Barmen som delte stipendet. I år har desse sju søknadane komme inn i tide til det avgjerande møtet neste veke:

Ingrid Skibenes Johnsen (16) studerer til å bli profesjonell dansar ved Copenhagen Contemporary Dance School i Danmark. Sidan skulen ikkje kvalifiserer til støtte frå lånekassa, treng ho pengar for å finansiera studieopphaldet.

Tirill Eirunn Einarsdotter (20) byrja i haust på eit studie som utøvande musikar på Universitetet i Stavanger. Ho treng pengar til vedlikehald av fiolinen ho har lånt, og vil òg spara pengar til å kjøpa eige instrument.

Johannes Særsten (43) søkjer stipend til vidareutdanning gjennom treseminaret på Dovre innan skog, tre og materiale, i tillegg til tradisjonelle målingsteknikkar.

Anne Marie Fimreite (53) lagar bilete og skulpturar, og søkjer støtte til å kursa seg i dette.

Jan Anders Presthus (17) søkjer stipend for å fremja steppedansen både som kunst og som idrett.

Cecilie Anna Hope Rønhovde (33) vil bruka eit eventuelt stipend til innspeling av soloplata «I’m Here» hos lydteknikar Gisle Østrem.

Brita Grov (25) søkjer støtte for å setja opp eit dansestykke.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut