annonse

Snart klare for den sommarlege lesekampanjen

Lesekampanje
Lesekampanje: Det har vore god oppslutnad om Sommarles.no i Stord og Fitjar. No håpar biblioteka på endå større deltaking. (Foto: Illustrasjon)
Avslutning
Avslutning: Endre Olsen og Jørgen Sandvik avsluttar sommarles-kampanjen i september med showet «Endre & Jørgen spelar Knutsen & Ludvigsen». (Foto: Arkiv)

Snart er det klart for den digitale lesekampanjen Sommarles.no.

Magne Kydland

– Saman med barn frå over 380 andre kommunar, kan alle barn i 1. – 7. klasse i Stord og Fitjar kommunar, frå 1. juni, vera med på Norges kulaste lesekampanje! Sommarles.no har vore ein stor suksess gjennom fleire år, og i fjor deltok meir enn 105.000 barn. Målet med kampanjen er å motivera barna til å lesa så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie, melder biblioteka i dei to kommunane i ei pressemelding.

Alle barna som deltek blir invitert til ein fin sommarlesfest, 3. september på Fitjar og 4. september på Stord.

– I år vil me avslutta kampanjen i med Endre Olsen og Jørgen Sandvik som har showet «Endre & Jørgen spelar Knutsen & Ludvigsen». Her blir det grevling i taket og ellediller og krokofanter. Barna vil oppleva mykje humor med høg kvalitet på musikkframføringa. Det blir også loddtrekking av bøker, heiter det i pressemeldinga.

Avslutning
Avslutning: Endre Olsen og Jørgen Sandvik avsluttar sommarles-kampanjen i september med showet «Endre & Jørgen spelar Knutsen & Ludvigsen». Foto: Arkiv

Heile 62,8 prosent av barna i Fitjar deltok på sommarles i fjor. Stord har hatt god deltaking mange år på rad. Her var 42 prosent av barna med i 2018. Begge biblioteka håpar på deltakarrekord i år.

Målet med Sommarles.no er å gjera det moro å lese.

Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida Sommarles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar side dei les.

Sommarles.no er for barn i 1. – 7. klasse og varer frå 1. juni til 31. august.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut