annonse

Søkjer støtte til nye matdagar

POPULÆRT
POPULÆRT: Arrangementet Herifrå viste seg i fjor å vera svært populært. No ønskjer arrangørane å gjenta suksessen. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)

Etter suksessen med den lokale mat- og drikkefestivalen Herifrå på Nattrutekaien i fjor, ønskjer arrangørane no å gjera dette til ein årleg tradisjon.

Anders Totland

I eit brev til Stord kommune skriv Knut Vika i Venelaget for MS «Sunnhordland» at dei søkjer om 25.000 kroner frå kommunen i støtte.

– Arrangementet, som mellom anna skal vera med på å skapa eit godt omdømme og marknadsføring av Sunnhordland som ein attraktiv region å bu og feriera i, er eit stort løft for arrangørane, men Venelaget har ikkje eigne midlar som kan nyttast inn i prosjektet, skriv Vika.

Les også: Pubikum vil ha matfestival på Leirvik kvar haust

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut