annonse

Spinae er redda

STORT ENGASJEMENT
STORT ENGASJEMENT: Mange har engasjert seg for Spinae. Og no skal verksemda leva vidare, på same stad som no, og med same tilbod. Her frå stiftinga av foreininga. (Foto: INGVILD EIDE)

Over 300.000 kroner er samla inn for Spinae. No held tilbodet fram til hausten

Olav Røli

I ei pressemelding frå Foreininga Spinae Sunnhordland heiter det at det seint tysdag kveld var samla inn 341.000 kroner til foreininga.

– 300.000 for 2019 var det kritiske grunnlaget for å ha eit forsvarleg grunnlag for vidare drift, og for å kunna behalda det eksisterande tilbodet på Spinae. Utover dette har ein òg fått tilsegn om økonomisk støtte på kr 190.000 for 2020 og kr 155.000 for 2021. Me treng framleis noko fleire midlar, men me er over den kritiske grensa! Me er så takksame for alle som gjev støtte til Spinae, og som har gjort dette mogeleg! Det er rett og slett magisk! Mange små og store hjarter har bidratt, og mange små og store hjarter gleder seg over at Spinae er redda. Og som fleire av borna allereie har sagt; Det er akkurat som at me er med i ein film, skriv leiar i foreininga, Lars Melkevik i pressemeldinga.

Les også: Har stifta foreining

Verksemda til Spinae er no organisert gjennom den ideelle foreininga Spinae Sunnhordland, med Magdalena From Delis som kunstnerisk leiar. Dei same aktivitetane vil halda fram, i dei same lokala som i dag.

Dermed vert det både teater og dans, for både barn og vaksne, også i haust.

I tillegg til From Delis vil også to personar verta knytt til drifta slik at ein får ein god og berekraftig driftsmodell når det gjeld undervisninga, heiter det vidare i pressemeldinga.

– Det er utruleg å sjå gjennom gjevargleda kva Spinae betyr for folk. Me vert audmjuke og samstundes veldig stolte over å vera del av eit så inkluderande lokalsamfunn. Samstundes ynskjer me å gje tilbake. Fyrst og fremst gjennom det tilbodet Spinae gjev til born og unge, men og ved å gje noko tilbake til dei flotte støttespelarane våre, skriv Melkevik.

Han røper no at det vert jobba med ei større oppsetjing i desember.

Bakgrunn: Siste dans for Spinae

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut