Spreier musikalsk glede

Jazzklubben inviterer til musikalske krumspring med gledespreiing med Gabriel Fliflet og Ola Hamre laurdag.
– I musikken til Fliflet/Hamre står leikelyst og innleving sentralt, og det meste kan skje: Rå balkantoner dundrar ut mellom vare nordiske moll-perler og jødiske melodiar til ettertanke, eller mellom norske kysttonar og italienske partisansongar. Og Harald Sæverud blir dregen med på 9-takts-kalas hos serbiske sigøynarar, skriv Stord Jazzklubb i ei pressemelding.
Duoen bør vera kjent for dei fleste og har «halde koken» sidan 1991.
– Trass i frekke sleivspark utstrålar dei framleis glede over å vera på same lag. Dei har overskot til å dela leiken sin med andre. ”Sære og populære”, seier musikantane om seg sjølve på nettstaden sin, og det høver godt. Kom og opplev desse gledespreiarane! oppfordrar styret i Stord Jazzklubb.
Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.