annonse

«Spyt ikke paa gulvet»

Sjekk skiltet
Sjekk skiltet: På veggen til høgre for preikestolen i dette historiske fotografiet står det «spyt ikke paa gulvet». – Skiltet er teke ned, men me håpar kyrkjefolket som er til stades på jubileumsgudstenesta held seg til oppmodinga, seier Harald Rydland.

Kyrkjeverje Harald Rydland håpar kyrkjefolket held seg til oppmodinga på dette historiske biletet.

Vidar Hope

Søndag 24. november 1867 vart det halde gudsteneste i eit heilt nytt kyrkjebygg i Fitjar. Den gamle steinkyrkja var då riven og brukt som grunnmur i den nye. Nyekyrkja hadde den gongen vel 700 sitjeplassar. Ei forskrift på den tida fastsette at ein tredjedel av innbyggjarane i soknet skulle få plass i kyrkja på samme tid, skriv kyrkjeverje Harald Rydland i ei pressemelding.

Ser ein ekstra godt etter på det historiske fotografiet Rydland har delt med Sunnhordland, ser ein skrifta «spyt ikke paa gulvet».

– Skiltet er teke ned, men me håpar kyrkjefolket som er til stades på jubileumsgudstenesta held seg til oppmodinga, seier Rydland.

– Gjennom 2017 har folket i Fitjar feira kyrkja si gjennom eit omfattande og allsidig jubileumsprogram. Det har vorte laga jubileumsbok, gjort omfattande oppgradering av kyrkjebygget, bygd nytt flott orgel og gjennomført ei rekkje arrangement for store og små, seier kyrkjeverja.

Førstkomande søndag skal sjølve jubileumsgudstenesta finna stad. Halvor Nordhaug, biskop i Bjørgvin, kjem til Fitjar for å preika. Prosten, dei noverande og fleire av prestane som tidlegare har gjort teneste i Fitjar vert og med i gudstenesta.

– Etter gudstenesta er alle velkommen til fest med gratis middag og kake på Fitjar bedehus, legg Rydland til.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut