annonse

Staute karar til Tysnesfest

Staut
Staut: Staut er klare for sommarens Tysnesfest. (Foto: Michaela Klouda)

Valdresbandet Staut var sist på Tysnesfest i 2016, og kjem tilbake til sommaren.

Magne Kydland

– Staut gav oss ei makalaus oppleving i Kjevikjo i 2016. No er dei klare for Gjerstad arena. Valdres-gjengen har på få år blitt eit av dei største banda i sin sjanger. Fengjande melodiar, sterke og gode tekstar, enormt dyktige musikarar og ein heftig driv og energi på scenen er bandets varemerke, melder Tysnesfest i ei pressemelding.

Staut kan visa til både gullplater og fyrsteplass på VG-lista. Dei har turnert Noreg på kryss og tvers, og har eit tal konsertar som få andre norske band kan matche. I heile fjor turnerte sekstetten for fulle hus Norge rundt. Dei rakk også å sleppe tre singlar. Den seinaste singelen ut, «Leika Like Ved», har i lange tider vore spelt mykje på NRK P1.

I førre månad sleppte dei albumet «Makalaus», som har fått gode kritikkar.

Staut står på scenen fredag 12. juli, og frå før av er Aurora, Åge & Sambandet, Broiler, Ina Wroldsen, DDE, Helge Jordal, Staut, Skambankt, Kjartan Lauritzen og Kriminell Kunst klare for sommarens Tysnesfest.

Få oversikt over fleire kulturarrangement på detskjer.sunnhordland.no.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut