annonse

Stordabu kan bli ny Bond-pike

: Synnøve Macody Lund spelte mot Aksel Hennie i «Hodejegerne». No kan ho bli ny Bond-pike. (Foto: FILMWEB)

Synnøve Macody Lund kan få sitt internasjonale gjennombrot.

  • Anders Totland

– Uansett utfall har det vore eit eventyr berre å komma hit, seier Synnøve Macody Lund til Sunnhordland.

Den 38 år gamle skodespelaren og filmkritikaren frå Stord er ei av åtte kvinner som no blir vurdert til ei sentral rolle i den kommande James Bond-filmen, ifølgje Dagbladet.
 
 
Macody Lund, som frå før kanskje er mest kjend frå rolla si i filmen «Hodejegerne», der ho spelte saman med Aksel Hennie, stadfestar overfor Sunnhordland at ho har vore på audition i København, med godt resultat.

– Eg gjekk vidare til møte med Sam Mendes på Pinewood Studios i London, fortel Macody Lund.

Den kommande Bond-filmen blir den 24. i rekka. For Synnøve Macody Lund kan det bli den andre store filmrolla, og ein stor sjanse til å slå gjennom internasjonalt. Kva det vil ha for karrieren til 38-åringen vil ho imidlertid ikkje seia noko om no. Ho veit heller ikkje kva tid det skal avgjerast.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut