annonse

Stordabuar varmar opp for heavy-helt

Varmar opp
Varmar opp: Frode Hammersland (t.v.), Remi Sjo, Trond Betten, Øyvind Vevang og Sigbjørn Hovland skal varma opp for amerikanske Joe Lynn Turner (innfelt), som held miniturne på Vestlandet til våren. (Foto: Pressefoto)

Lokale Novocaine blir support-band når Joe Lynn Turner kjem til Norge til våren.

Magne Kydland

Amerikanske Joe Lynn Turner kjem til Norge på ein miniturne i mars.

Artisten er kjend som vokalist og låtskrivar i band som Deep Purple, Rainbow og Yngwie Malmsteen.

– Artisten vil halda konsertar i Bergen, Haugesund og Stavanger. Som supportband på denne turneen har han tatt med seg Novocaine, eit band med medlemmer frå Husnes, Halsnøy og Haugesund og Stord, heiter det i ei pressemelding frå Castle Road Management.

Novocaine består av Trond Betten, Frode Hammersland, Øyvind Vevang, Remi Sjo og Sigbjørn Hovland.

Sjekk kva som skjer på kulturscenane i Sunnhordland

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut