annonse

Tar framsyning med til Borggata

ÅLEINE PÅ SCENEN
ÅLEINE PÅ SCENEN: Morten Espeland frå Stord skal framføra «Draumkvedet» med ny tekst frå dramatikar Eirik Fauske. (Foto: Marte Vold)
TILBAKE TIL STORD
TILBAKE TIL STORD: 18. januar kjem YMIST og Espeland til Ungdomshallen i Leirvik. (Foto: MARTE VOLD)

Morten Espeland spelar hovudrolla i ny teaterforestilling.

Marius Knutsen

Scenekunstkompaniet YMIST har urpremiere på si nye førestilling «Draumkvedet» i byrjinga av januar. Stykket har ein ny tekst av dramatikar Eirik Fauske. Skodespelar Morten Espeland, frå Stord, spelar hovudrolla.

– Mellomalderballaden «Draumkvedet» er det mest kjende norske eksempelet på såkalla visjonslitteratur. Her møter me Olav Åsteson som fell i ei djup transe julaftan. Drøymande vandrar han gjennom dødsriket, der han blir sett på fleire prøvar. Når han vaknar fleire dagar seinare dreg han til kyrkja for å fortelja forsamlinga kva han har opplevd, skriv YMIST i ei pressemelding.

Når YMIST igjen let Olav fortelja si historie, skjer det ikkje i kyrkja. Premieren går av stabelen i ungdomshuset på Vats, sidan tek framsyninga vegen vidare til Ullensvang, Ulvik, Granvin, Strandebarm, Bergen, Stord og Oslo.

TILBAKE TIL STORD
TILBAKE TIL STORD: 18. januar kjem YMIST og Espeland til Ungdomshallen i Leirvik. Foto: MARTE VOLD

– Forsamlingshusa har hatt ei sentral rolle i norsk kulturliv og i bygdesamfunna gjennom tidene, seier Morten Espeland.

– Prosjektet handlar mellom anna om behovet for å halda kulturarven levande og i utvikling. Difor er det også interessant at Morten på sett og vis vender tilbake til sine røter med denne monologen. 18. januar spelar han i Ungdomshallen i Leirvik, seier produsent Ida Willassen.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut