annonse

Temakveldgruppe vann frivilligpris

Fekk pris
Fekk pris: Gjengen som skipar til temakveldar i Fitjar kyrkje fekk frivilligprisen i Sunnhordland prosti søndag. Frå venstre Benedicte Meyer, Anne Britt Tornes, Sokneprest Roald Drønen, Hildegunn Aadland, Eli Nerbø Simonsen, prostirådsleiar Kirsti Angvik Frugård, ordførar Wenche Tislevoll og prost Svein Arne Theodorsen. (Foto: Sigrid T. Langøy)

Temakveldgruppa i Fitjar er årets vinnar av frivilligprisen i Sunnhordland prosti.

Kjetil Østrem

Gruppa, som består av Eli Karen Nerbø Simonsen, Benedicte Meyer, Anne Britt Tornes og Hildegunn Aadland, vinn prisen for omfattande, trufast og kreativ teneste, som det heiter i grunngjevinga frå Sunnhordland prosti.

Temakveldgruppa arrangerer månadlege temakveldar, og har halde det gåande i over 20 år – heilt sidan 1996. I grunngjevinga til prisen får dei ros for å tilby eit variert kulturtilbod med kvalitet og aktualitet. Dei er flinke til å pynta kyrkjerommet med levande lys og blomar, og dei sørgjer for å opna kyrkja og kyrkjelyden for mange, heiter det.

Frivilligprisen blei oppretta av prostirådet i Sunnhordland prosti i 2003, for å stimulera frivillige medarbeidarar i prostiet. Alle medlemmer i Den norske kyrkja i prostiet kan koma med framlegg til kandidatar. Prisen er eit diplom med grunngjeving for tildelinga.

I år blei prisen delt ut på prosten si årlege nyttårsmottaking, som gjekk av stabelen sundag. Samlinga i Nysæter kyrkje er Mottakinga er for representantar frå næringsliv og det offentlege i Sunnhordland prosti, saman med kyrkjeleg tilsette og rådsleiarar. I år var det rekorddeltaking med rundt 175 personar, og på programmet stod blant anna song ved Osternes Mannskor, musikk ved kantor Ole Jørgen Furdal og prosten sin tale. Det var sjølvsagt også sett av tid for litt mat og den gode samtalen.

kjetil@sunnhordland.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut