annonse

The Real Thing kjem tilbake

Satsar på fullt hus
Satsar på fullt hus: Sist gong The Real Thing gjesta Stord var det fullt på Arena. No håpar Stord Jazzklubb på det same nok ein gong. (Foto: Presse)

Fredag inviterer Stord Jazzklubb til nok ei stor musikkoppleving for blues- og jazzinteresserte. Då kjem The Real Thing tilbake til Stord og Arena.

Magne Kydland

– Dette fantastiske norsk-svenske souljazzbandet – med base i Oslo – har hatt stor suksess med sin utadvende og svingande stil. Dette er, ifølgje dei sjølve, bandet som aldri går av scenen i tørr smoking. Dei gjev med andre ord alt under konsertane sine, skriv Stord jazzklubb, som for tida har eit tett konsertprogram, i ei pressemelding.

Kvartetten debuterte i 1992 med albumet The Real Thing, og har gjeve ut fleire album. Musikken dei spelar er for det meste originalt materiale, og er ei blanding av amerikansk Blue Note-jazz (til dømes stilen til Jimmy Smith, George Benson og Wes Montgomery) og element frå moderne populærmusikk. Resultatet er ei blanding av swing, blues, funk og rock utøvd av nokre av dei beste musikarane Noreg har.

Les også: Polkabjørn & Kleine Heine kjem til viseklubben laurdag

– Etter at den tidlegare saksofonisten i bandet, Sigurd Køhn, døydde i 2004, låg The Real Thing i dvale heilt fram til 2010. Då bestemte resten av gruppa seg for å starta opp att, no med Dave Edge som ny saksofonist. Etter det har bandet reist land og strand rundt med sin fengjande hardtsvingande orgelbaserte souljazz. At dei har selt godt over 55.000 album, seier også sitt. Bandet trakk fullt hus på Arena då dei spelte på Stord Jazz og Bluesfestival for nokre år sidan, og me vonar lokalet blir stappfullt igjen på fredag, heiter det i pressemeldinga.

The Real Thing består av Staffan William-Olsson (gitar), Paul Wagnberg (hammondorgel/B3), Hermund Nygård (trommer) og Dave Edge (saksofon).

Sjekk kulturkalenderen i Sunnhordland her!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut