annonse

The September When gjer comeback i Skånevik

Gjer comeback
Gjer comeback: Dei er blitt litt eldre sidan sist, og litt gråare og tynnare i håret, men med det renomméet The September When har, så blir det garantert fullt hus når dei avsluttar neste års Skånevik Bluesfestival. (Foto: PRESSEFOTO)

The September When gjer comeback og skal spela på Skånevik Bluesfestival laurdag 6. juli.

Magne Kydland

I helga kom Skånevik Bluesfestival med årets første artistnyhende, og då vart det kjent at ingen ringare inn The September When, eitt av landets mest populære rockeband gjennom tidene, og med Morten Abel som vokalist og frontfigur, vert headliner på den etter kvart tradisjonelle bluesfestivalen i Skånevik.

– I 2019 er det 30 år sidan den første plata kom ut, så her blir det gjenhøyr med mange låtar som herja hitlistene, melder Skånevik Bluesfestival på si nettside.

På nettsida står det og om at det tragiske som hende, for nokre år sidan, då ein av originalmedlemmene, Morten Mølster, døydde. Så når bandet no gjer comeback er det med «ein mann short».

– Men kvifor no?

– Fordi nokon spurde om me ville ha ein spelejobb. Og det ville me. Nokre gonger er det så enkelt, seier Abel, ifølgje nettsida til bluesfestivalen.

Sist attforeining var for ti år sidan. Då spelte The September When framfor 20.000 i Vågen i heimbyen Stavanger.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut