annonse

Til topps i korps­konkurranse

: Dirigent Svein Roger Koppang er glad for resultatet til Fitjar skulekorps i Bømloblåsen. Arkiv (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)

– Dette gjev motivasjon til vidare arbeid, seier dirigent Svein Roger Koppang.

  • Anders Totland

Fitjar skulekorps gjekk heilt til topps i korpskonkurransen Bømloblåsen i helga, i konkurranse med seks andre korps i sin divisjon. Det gjev motivasjon til vidare arbeid, fortel dirigenten.
 
 
 
– Dei som er med i korpset har lagt ned eit veldig fint arbeid, og er ein seriøs gjeng som jobbar hardt. Dei vil jo gjerne gjera det bra, og når dei ser at det gjev resultat, blir det lettare å jobba vidare, seier Svein Roger Koppang.
 
 
 
Fitjar skulekorps har til saman 39 musikantar frå sju til 17 år. Åtte nye medlemmer har komme inn i haust, og fleirtalet i korpset går ifølgje Koppang på barneskulen.
 
 
 
– Me har ikkje vore på Bømloblåsen før, for me pleier å reisa til Bergen for å konkurrera. Men i år kolliderte konkurransen i Bergen med eit større prosjekt me skal vera med på på Fitjar. Dermed reiste me til Bømloblåsen no, og tenkte også at det var ein fin konkurranse å starta med for denne gjengen. Så fekk dei ny ei god oppleving også, seier Koppang.
 
 
 
Han vil likevel ikkje gå med på at det er lettare å hevda seg i Sunnhordland enn i Bergen.
 
 
 
– I heile Sunnhordland held korpsa eit høgare nivå enn folk er klare over, og me er veldig nøgde med å hevda oss i denne konkurransen, seier Koppang.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut