annonse

Trio Hest salar opp

Køntri
Køntri: Trio Hest skal gjennom ei rekkje countrysongar i løpet av fredag og laurdag. Her frå heimebanen deira på Olsen & Jensens viseklubb. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

Kommande fredag og laurdag kveld er kvartetten Trio Hest tilbake på heimebanen sin, Osvald Pub.

Hilde Vormedal Nybø

Forutan å vera Olsen & Jensens viseklubb sitt faste husband på dei populære hyllestkonsertane, tar bandet rolla si som misjonærar for den ekte countrymusikken seriøst.

Det betyr at settlista denne helga er spekka med songar av dei beste låtskrivarane sjangeren har fostra. Med mange timar til rådigheit på scenen vert det tid til mange namn på repertoaret: Hank Williams, Johnny Cash, Merle Haggard, Willie Nelson, Gram Parsons, John Prine, Kris Kristofferson, Dolly Parton, Steve Earle, Buck Owens og enno fleire til.

Trio Hest består denne helga av Endre Olsen (song og gitar), Vidar Hope (bass), Rolf Martin Haldorsen (gitar) og Hans-Olav Molde (trommer). Atle Hansen er éin av fleire gjestevokalistar.

Kulturoversikta: Få med deg kva som skjer i helga!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut