annonse

Ungdomsrådet søkjer diskotek-vakter

SØKJER VAKTER
SØKJER VAKTER: Fitjar ungdomsråd og leiar Oda Volden de Fine arrangerer diskotek for ungdom under Fitjarfestivalen. (Foto: Ingvild Siglen Berger)

Ungdomsrådet i Fitjar arrangerer i år ungdomsdiskotek under Fitjarfestivalen 9. august.

Ingvild Siglen Berger

I høve ungdomsdiskoteket under Fitjarfestivalen søkjer ungdomsrådet vakter som kan vera med.

– Me treng omkring tolv vakter, som står to timar kvar, fortel Oda Volden de Fine i ungdomsrådet.

Diskoteket er på Fitjar kultur- og idrettsbygg om fredagen festivalhelga, frå klokka 19 til 23. DJ August frå Bergen tek turen, og det heile er eit rusfritt arrangement.

– Det var veldig mange som kom i fjor, også tilreisande, fortel de Fine, som håpar mange vil vera med på diskoteket i år òg.

I fjor var det i tillegg Fitjar Got Talent, men det vert ikkje arrangert i år.

Les også: Støttar festival med 50.000 kroner

Fredag hadde ungdomsrådet møte, og dei tek no ein liten pause før rådet startar opp att til hausten.

– Det er fleire som flyttar på seg no, så me må truleg ha inn nokre nye medlemmer, fortel de Fine.

Sjølv byrjar ho i 1. klasse på helse- og oppvekstfag på Fitjar vidaregåande skule, og held difor fram i ungdomsrådet. Det siste året har rådet hatt mange saker på bordet.

– Me har avslutta mange av dei, og til dømes hatt ein god prat med helsestasjonen. Kvar haust plar me gå rundt i klassane ved skulestart og høyra om nokon har saker dei vil me skal ta opp. Me ønskjer i alle fall å få til eit LAN igjen, truleg i november, seier de Fine.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut