annonse

Uvanleg korprosjekt på Nysæter

Sanctus har fått med seg fleire utanfrå til konserten søndag, som avsluttar årets KyrkjeLyd-festival. Her frå ei øving, der det mangla seks-sju songarar. Framme frå venstre, Berit Nesse, Tone Heide, Ilze Raudova, Gunnlaug Hystad, dirigent Bjarte Aadland, Torbjørg Holm, Marit Grip, Britt Christin Balchen, Ann Sissel Folkestad og Borgny Selsås. Bak frå venstre
Utvida kor: Sanctus har fått med seg fleire utanfrå til konserten søndag, som avsluttar årets KyrkjeLyd-festival. Her frå ei øving, der det mangla seks-sju songarar. Framme frå venstre, Berit Nesse, Tone Heide, Ilze Raudova, Gunnlaug Hystad, dirigent Bjarte Aadland, Torbjørg Holm, Marit Grip, Britt Christin Balchen, Ann Sissel Folkestad og Borgny Selsås. Bak frå venstre, Marit Helen Austefjord, Arne Fyllingen, Harald Skumsnes, Sverre Olav Lundal, Jens Arne Stautland, Agnar Aasheim, Toralf Tveit, Svein Arne Theodorsen, Liv Kari Bru, Svanhild Stuve og Kristin Strøm Sagstad.

Førstkommande søndag kveld skal det kor- og bandprosjektet «Messe for en såret jord» framførast i Nysæter kyrkje. Dette er avslutninga av kyrkjekulturfestivalen KyrkjeLyd.

Magne Kydland

Denne messa har tekstar av Erik Hillestad og musikk av Ketil Bjørnstad og vart komponert i 1992.

– Reint musikalsk kan ein seia at dette er crossovermusikk, då her er element av både klassisk, pop, rock og jazz i ei messe. Frå roleg Introitus, via spenstig Gloria til eit meir rocka Credo. Til slutt roar det heile seg ned med Velsigninga: «Herre gi jorden fred». Tekstleg er det her snakk om eit moderne språk. Konflikten mellom jorda og menneska er eit viktig element, der solist er Moder Jord og koret er menneska. Det står elles i noten: «Ei messe for vår tid, ein uttrykksmåte for håp-Det kjem ein dag, men fram til den tid kjem kvar generasjon sitt Kyrie eleison-Herre, forbarm deg», fortel Sanctus-dirigent Bjarte Aadland.

Les også: Vilt, vart og vakkert i Stord kyrkje

Det er eit utvida kor Sanctus som står for kordelane av verket. Instrumentalt har Øystein Heide Aadland fått med seg fire masterstudentar frå Rytmisk utdanning på Universitetet i Agder (sopransolist, tangent, gitar, bass og slagverk). I tillegg er det med lokal fiolinist frå Musikklinja på Stord vidaregåande skule.

– Me ser fram til å framføra denne spennande og utradisjonelle messa i Nysæter kyrkje, seier ein spent dirigent.

Sjekk konserthausten i Sunnhordland her!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut