annonse

Viseklubben med nyttårskonsert

Vokalist
Vokalist: Sissel Johnsen er blant dei åtte gjesteartistane som vil bidra når Olsen & Jensens viseklubb avsluttar det gamle året. (Foto: Arkiv)

Sissel Johnsen er blant dei som skal bidra.

Magne Kydland

På tampen av det gamle ser Olsen & Jensens viseklubb lyst på det nye. Laurdag 30. desember, på sjølvaste litle nyttårsaftan, inviterer dei til årets siste dagkonsert på Osvald pub. Bak tittelen «Olsen & Jensen ser lyst på det» skjuler det seg ei lang og variert settliste med håpefulle songar i høve det nye året, melder viseklubben i ei pressemelding.

Husbandet Trio Hest, som består av Endre Olsen, Terje Jensen, Rolf Martin Haldorsen, Erlend Thoresen og Frode Sæverud, står klar til å akkompagnera ei rekkje lokale kjende og kjære røyster.

Les også: Poporkesteret tar over romjulsdansen på Arena

– Atle Hansen, Sissel Johnsen, Hilde Haugland Strand, Johanne Engevik Olsen, Roy Rossland, The Antenna, Nils Horn og Øyvind Halleraker vil glimra med sine tolkingar av alt frå viseklubbfavorittar som Tom Waits, Bob Dylan og Tom Petty via gospel og bluegrass til standardlåtar frå «The great American songbook». Velkommen til ein musikalsk skamlaust optimistisk utgang på det gamle, heiter det i pressemeldinga.

Sjå oversikt over konsertar i jula her

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut