annonse

Teknisk informasjon om papirannonser

Nada

Me ønskjer at ferdigannonser i første rekkje blir sendt oss via NADAexpress.

Bilethandsaming

Det er svært viktig for det trykte resultatet at bileta blir kompetent handsama etter dei krava avistrykket stiller. Det vil til vanleg seia nokså kontrastrike bilete, bruk av elektronisk oppskarping (USM) og CMYK-generering etter norsk avisstandard. Biletoppløysinga skal vera 200 ppi. 

Norske aviser brukar helst ICC-fargeprofilen ISOnewspaper26v4 til CMYKing av bilete. Du finn profilen på www.nada.no. Bruk denne når du konverterer RGB til CMYK. 

Det er feil å senda oss annonser der fargane er definerte i RGB. Dei vil sjølvsagt bli konverterte til 4-farge i annonsemottaket hos oss før trykk, men det er vanskelegare for avsendaren å sjå korleis resultatet blir.

Overprint

Det er viktig at produsenten er klar over den viktige skilnaden på «overprint» og «utsparing» («knock out») når fleire fargeelement ligg over kvarandre. Oftast handterer produksjonsprogramma dette automatisk på beste måte. Det er likevel ikkje nok å stola på det du ser på skjermen. Nokre fargekombinasjonar kan overraska. I Quarkxpress kan du velja Overlappingsinfo i Vis-menyen, i Adobe Indesign Attributes-menyen. 

Ved lyse bakgrunnar bør ein velja overprint, ved mørke bakgrunnar som regel utsparing. Tenk òg på skriftstorleiken, for når skrifta er lita, kan utsparing vera uheldig. (Litt mispass gir då ein kvit skugge på skrifta.)

Mispass

Mispass mellom trykkfargane skjer diverre i all trykk, òg i avistrykk. Det er difor viktig å laga annonsen slik at han tålar litt mispass. Overprint i staden for utsparing (sjå over) gjer at mispass ikkje visest like godt. Unngå dessutan å bruka fleire fargar i teksten når skrifta er lita. Negativ (kvit) tekst på ein botn som er sett saman av fleire fargar er uheldig når skrifta er lista. Litt mispass vil då gjera teksten vanskeleg å lesa. 

I Acrobat kan du sjå om det blir om det blir overprint eller utsparing i PDF-filene. Dette kan hindra overraskingar. 

Korrekt CMYKing av bileta, med den ICC-profilen som norske aviser tilrår, reduserer sjansen for feil attgjeving av bileta ved mispass. Det er fordi denne profilen lagar akromatiske bilete, der delar av trykkfargane gul, magenta og cyan er bytte ut med svart, utan at resultatet blir annleis. Når fargane inneheld meir svart, blir mispass mellom svart og dei andre tre fargane mindre synleg.

Samansette fargar

Når ein skal velja fargar for tekst, grafikk og tonplater, er det lettare å få godt resultat dersom fargen berre er sett saman av to eller tre fargar, ikkje alle fire. Elementet blir då mindre sårbart for mispass og du sikrar i større grad at fargen er jamn over det heile, fordi det er mindre sjanse for ujamn fargeføring i éin av fargane.

Svart botn

Ønskjer du svart botn i annonsen eller i delar av annonsen, er det sikrast å bruka 100% svart. Mange kundar synest 100% svart i avistrykk blir litt grått og ikkje svart nok. Den kraftigaste svart ein kan oppnå i avistrykk er ei samansetjing av 100% svart og 40% cyan. Dette gir eit betre resultat enn å setja saman alle fire trykkfargane og høgare total fargemengd.

Passmerke/skjeremerke

Annonsefiler til Sunnhordland skal ikkje innehalda passmerke eller skjeremerke. Slike merke fjernar Sunnhordland. Det fører til meir arbeid og fleire sjansar for feil.

Modulkart tekstside

Modulkart annonseside

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut