annonse

Om Sunnhordland

Sunnhordland er lokalavis for kommunane Stord, Fitjar, Tysnes, Kvinnherad og Bømlo. Hovudkontoret ligg i Borggata i Leirvik, i sentrum av regionsenteret Stord.

Mediehuset Sunnhordland sin forretningsidé

Å utvikla ein trygg, lønsam og attraktiv arbeidsplass gjennom medieformidling med hovudfokus på kommunane Stord og Fitjar - og med kommunane Kvinnherad, Bømlo og Tysnes som tilleggsmarknad. 
Sunnhordland skal formidla pålitelege og representative nyhende, reklame og anna informasjon gjennom mediekanalen Sunnhordland. 
Sunnhordland Trykk skal levera alt innan avis-og trykksaker. 

Mediehuset Sunnhordland sin visjon

Sunnhordland skal kvalitetsmessig vera ein leiande mediekanal på Vestlandet, og i Sunnhordlandsregionen framstå som det naturlege og mest effektive mediekanalvalet. 
Sunnhordland Trykk skal gjennom fleksible operatørar med stor kompetanse, framstå som eit effektivt og lønsamt avistrykkeri. 

Fakta

Omsetnad: 60 mill.
Årsverk: 30
Mediehuset Sunnhordland er lokalisert på to stadar. Administrasjonen, redaksjonen og marknad held til i Borggata 15 i Leirvik sentrum, medan trykkeriet ligg i Ringvegen 28 på Heiane.

Nyskaping

Mediebransjen har gått frå å ha ein sterk konkurranse mellom aviser til ein konkurranse om tid og merksemd på andre måtar. Det er viktig for Mediehuset Sunnhordland å lukkast med fornying og utvikling. Tilsette i Mediehuset Sunnhordland jobbar dagleg for å skapa ny vekst gjennom betre innhald, betre produkt, betre sal og solid produksjon. Me skal vera det valde mediet både på papir og digitale plattformer.
I tillegg til å presentera daglege nyhende, skal avisa vera arena for debatt om lokale spørsmål. For å kunna laga ei god avis er me avhengige av kontakt med våre lesarar. Tips oss gjerne om stort og smått! Papirutgåva og e-avisa kjem ut måndag, onsdag og fredag. Sunnhordland.no er alltid oppdatert.

Mange lesarar

Ferske nyhende frå lokalmiljøet og annonser som gjev nyttig informasjon er kjærkome hjå dei fleste. Avisa har ein solid posisjon i marknaden og er førsteavisa i kommunane Stord og Fitjar. Elles er det bra dekning på Tysnes, i Kvinnherad og på Bømlo.
Sunnhordland har 22 000 lesarar kvar dag. På øya Stord og i Bømlo er Sunnhordland distribusjon AS ansvarleg for at avisa blir kjem i postkassane før klokka 07.00. Elles blir avisa distribuert med posten. Godkjent opplag for 2013 var 6559. Om lag 80 prosent av lesarane les avisa heime. Målingar viser at høgast lesekvalitet oppnår ein gjennom å lesa i fred og ro, der tid er avsett til avislesing. Avisa blir lesen av folk i alle aldrar.

Sprek hundreåring

Sunnhordland feira 100 år 1. mai i 2002. Med eit nært forhold til lokalmiljøet og innbyggjarvekst har avisa hatt jamn auke sidan Jens Hystad, trass i han var blind, starta avisa i 1902. Avisa er undervegs blitt familieaksjeselskap og blir i dag driven med Reidar Hystad (fjerde generasjon) som dagleg leiar. Ansvarleg redaktør er Magne Kydland.
Avisa Sunnhordland har trykt avisa i eige trykkeri sidan 1905. Det byrja i ein kjellar i eit hus i Borggata på Leirvik. Etterkvart trykte ein også andre aviser og alle slags typar trykksaker i eige trykkeri. Sunnhordland har vore med på ein enorm utvikling gjennom mange år. Våren 2000 flytta ein då trykkeriavdelinga opp til Heiane næringsområde til eit moderne produksjonslokale.
Avisa har moderne grafisk utstyr og fagfolk i alle ledd. Konsulentane og typografane våre står til teneste for alt innan annonsering. Sunnhordland er ei moderne avisbedrift med eiga presse, trykkeri og 35 tilsette. Nettutgåva Sunnhordland.no opna april 2006.
Avisa er medlem av Landslaget for lokalaviser og Mediebedriftenes Landsforening. Nynorskavisa har òg eigarskap i Landssamanslutninga av nynorskkommunar.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut