Martin Hamre sat i kranhuset 90 meter over bakken då det small 29. januar 2021. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Gass-vekkjaren

«Inni helsikken kraftig» seier kranførar Martin Hamre (44) til politiet om smellen. Frå tid til anna kjem det høge og uventa lydar frå verftsområdet på Eldøyane. Men dette var annleis.

Kranføraren fortel om ei kraftig risting i kranhytta på Storen. 12 lok på 37,5 kilo kvar blei slengde opp i lufta. Vitne forklarte til media at dei meinte kumloka flaug så høgt som 60 meter. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og verftet meiner at smellen på Kjøtteinen på Stord 29. januar 2021 kunne teke liv.

Politisaka etter gasseksplosjonen er på 1.224 sider med dokument. Sunnhordland har bede om og fått innsyn i etterforskinga av saka som blei lagt bort av politiet tidlegare i år.

Gassanlegget er ein del av infrastrukturen på verftet på Kjøtteinen. Dette er eit bilete tatt med drone av ein tilsett ved Aker og frigitt frå politiet. Foto: Lars Melkevik / Aker Solutions

Grunnen til at saka blei lagt bort var at politi og påtale hadde brukt for lang tid, og dermed var fristen på to år gått ut. Men dokumenta gir eit innblikk i kva som hende denne dagen, og i tida før og etter. Dei fortel om ei verksemd som fekk ein real gassvekkjar.

Iskald formiddag

Det var iskaldt 29. januar 2021. 16 minusgrader ifølgje politidokumenta. Kranføraren i Storen, Martin Hamre, hadde arbeid hengande i kranen og måtte difor eta lunsjen sin oppe i styrehuset på gigantkranen. Han sit 90 meter over bakken og har fullt overblikk til det som skal skje.

På bakken har dei fleste tilsette teke lunsj. Nokre få arbeider med såkalla varmt arbeid. Det vil seia at dei brukar maskinar og utstyr som genererer gneister og varme. Jobben dei skal gjera er å kutta av hjelpestål på seksjonen som heng i kranen.

Ein av dei som står der nede på bakken under kranen er Tomasz Fracek.

42-åringen fortel til Sunnhordland om ein enorm lyd, og kjensla av at noko dytta i kroppen hans.

– Eg sprang bort til dei to operatørane som jobba på staden. No låg dei på bakken. Eg ropte og spurte dei om dei var ok. Det var dei, og eg sa at dei måtte springa bort derifrå til eit trygt område, seier Fracek, som fortel at han også kontakta hovudvakta.

Tomasz Fracek jobba som formann på stål. Gruppa hans var blant dei få som ikkje hadde lunsjtid då det eksploderte. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Han fortel at det fall ned eit lok frå himmelen på staden der han stod før han sprang bort til arbeidarane. I politiavhøyret har han forklart at loket fall ned to-tre meter frå han.

Fracek fortel at i alt tre kumlok hamna i området der han og dei to operatørane var.

– Me var heldige som var i live

– Først skjønte me ikkje kva som hadde skjedd og kor alvorleg det var. Det var først seinare, etter nokre timar, at me skjønte kor store krefter som hadde vore i sving og at me var veldig heldige som var i live, seier Fracek.

Bygningar i nærleiken fekk mindre skadar etter eksplosjonen. Her har eit kumlok treft eit tak. Foto: Aker Solutions

12 personar blei sendt til legesjekk etter hendinga. Fracek er ein av desse.

– Dei undersøkte først og fremst om me var i sjokk. Dei sjekka også høyrsla vår på grunn av smellen, seier Fracek, som fortel at dette blei følgt opp.

– Har du tenkt på hendinga i ettertid?

– Ja. Det har vore snakka mykje om kor heldige me var. Eksplosjonen skjedde midt i lunsjen. Normalt er det mange fleire folk i dette området, seier Fracek.

«Eg såg to menn låg på bakken»

Frå styrehuset på kranen ser Martin Hamre (44) hendinga i fugleperspektiv.

– Eg hugsar dagen godt. Det var ein vanleg arbeidsdag. Me jobba med hjelpestål til ein struktur. Eg løfta det med Storen og me skulle brenna av noko. Me var rundt seks personar som jobba med dette. Me pleier å ha lunsj klokka 11.30. Dei fleste var gått til lunsj. Det kom eit gedigent smell og eg såg platene fly rundt om kring. Eg fekk varsla på radioen at dei måtte komma tilbake for å sjekka situasjonen. Eg såg to menn låg på bakken. Dei heldt seg på øyro på grunn av smellen, seier Hamre til Sunnhordland.

– Storen har to krokar. Denne dagen valde eg den lengst borte, for då hadde eg best sikt. Eg har tenkt på kva som kunne skjedd om eg hadde vald den andre. Då kunne eg ha blitt treft av loka. Me var heldige og hadde flaksen på vår side, seier Hamre.

Martin Hamre (t.v.) sat oppe i kranen og såg heile hendinga. Tomasz Fracek var på bakken i området der 37,5 kilo tunge kumlok flaug i lufta og ramla i bakken. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Kunne blitt storulukke

Aker Solutions skriv sjølv i sin interne granskingsrapport at det kunne gått liv i hendinga. DSB skriv at hendinga hadde potensial til å eskalera til å bli ei storulukke som kunne medført alvorlege konsekvensar for liv og helse og materielle skader.

Gassanlegget, med i underkant av 500 meter leidningar, forsyner verftet med fleire ulike gassar, og blei etablert på verftsområdet i 2014. Her er mellom anna acetylen og oksygen. Gassane blir mellom anna brukte når ein skal kutta stål med skjerebrennarar.

Har risikoen som er knytt til det å ha eit gassanlegg vore langt nok framme i pannebrasken til dei som er ansvarlege for tryggleiken? Dette er eit sentralt punkt i etterforskinga.

Midt i bilete er eit hòl. Her har eitt av kumloka treft veggen på hallen. Arkivfoto: Aker Solutions

Treige med å varsla

Eksplosjonen 29. januar skjedde klokka 11.45. Aker Solutions meldte først politiet klokka 12.29 – tre kvarter etter smellen.

Men det var ikkje berre politi som ikkje blei varsla.

En har ikke oppfattet hendelsen som så alvorlig at det var nødvendig med ekstern bistand. Brannmannskap og helse var derfor aldri på stedet. De hadde hatt direkte kontakt med et befal på Stord brannstasjon. De hadde blitt enige om at de ikke hadde behov for hjelp ettersom de hadde kontroll på situasjonen. Jeg gjorde det klart for krisestaben at det frå politiet sitt ståsted burde vært meldt fra om hendelsen umiddelbart ettersom en ikke hadde oversikt over omfanget.

Utdrag av rapport frå politibetjent Stian Dahl som var på staden ulukkesdagen
Politibetjent Stian Dahl skreiv den første rapporten frå verftsområdet eksplosjonsdagen. Foto: Henrik Mundal Andreassen (arkiv)

Klokka 15 same dag blei det bestemt at hendinga skulle undersøkjast av etterforskarar frå felles etterforskingsseksjon og kriminalteknikarar. Desse kom i gang klokka 16.35.

Trass i at ein i Aker Solutions då visste at det blei sett alvorleg på hendinga, gjekk det likevel fire dagar før verksemda meldte frå om eksplosjonen til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

– Kva tenkjer du om at det tek fire dagar før ein melder frå? spør Sjur Stava.

Han er etterforskingsleiar i Nordsjø/miljøseksjonen i Sør-vest politidistrikt og har verftsdirektør Arve Kleppe inne til avhøyr.

Etterforskingsleiar Sjur Stava. Foto: Privat

Kleppe tok over sjefsstolen i Aker Solution halvtanna år etter eksplosjonen. 19. september 2022 blei det gjort eit avsluttande avhøyr med han før saka blei sendt over til jurist for påtalevurdering.

– At det er i det seinaste laget, svarer Arve Kleppe, som hausten 2023 forlet sjefsstolen i Aker Solutions.

Arve Kleppe var den som sat i sjefsstolen på Aker Solutions i samband med etterforskinga. Foto: Henrik Mundal Andreassen (arkiv)

Når en profesjonell virksomhet, som faller inn under dette regelverket enten unnlater å følge det opp, tar en kalkulert risiko, eller ikke kjenner til regelverket, er det alvorlig og behovet for en streng reaksjon er tilstede.

Utdrag av politimelding frå DSB

Bad om «streng reaksjon»

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap har rundt 500 tilsyn i året. Det er sjeldan kost at dei går til eit slikt steg at dei melder ei verksemd til politiet.

Det er ei svært omfattande og detaljert politimelding som blir levert frå DSB til Sør-vest politidistrikt 19. mai 2021. Politimeldinga kjem i etterkant av eit tilsyn der ein har funne mange ting å setja fingeren på.

– Ut frå funna våre så meiner me at dette er ei sak som politiet bør undersøkja, sa DSB-direktør Elisabeth Sørbøe Aarsæther til Sunnhordland 21. mai 2021. Foto: Pressefoto

I politimeldinga kjem det fram at DSB meiner at verksemda i perioden 2016-2020 ikkje heldt gassanlegget i forsvarleg stand. DSB meiner at ein har brote brann- og eksplosjonsvernloven ved at ein ikkje har følgt regelverket for handtering av farleg stoff på ein forsvarleg måte.

DSB meiner mellom anna at ein ikkje kan dokumentera vedlikehald utover årleg service. Ein peiker mellom anna på 18 feil som ein ville kunna ha avdekt enkelt med visuell eigenkontroll. Vidare at ein ikkje har rapportert vidare om lekkasjar. DSB meiner det har vore 29 lekkasjar som er registrert i det interne avvikssystemet, men berre éin er meldt til DSB. I tillegg fann DSB i samband med tilsynet at Aker Solutions hadde så mykje farleg gass at verksemda var å rekna som underlagd storulukkeforskrifta.

Ei verksemd som er underlagd storulukkeforskrifta må oppfylla spesielle og strengare krav, mellom anna skal dei som bur i nærområdet sine synspunkt høyrast og vektleggjast.

I saka kjem det fram at Aker Solutions ikkje kjende til at dei var underlagde dette regelverket. Då verksemda blei kjend med dette kvitta dei seg med mengder av gass.

Her er to av kummane langs kransporet til «Storen», på vestsida av Stordhallen markert. Foto: Aker Solutions

– Var lekk i lang tid

DSB meiner også at eksplosjonen i kummen, som skuldast at acetylen og oksygen hadde samla seg her, kom frå ein lekkasje som blei oppdaga av verksemda 8. desember, men som ikkje var utbetra.

Det er meir enn halvannan månad før eksplosjonen.

Viss direktoratet sin teori stemmer har arbeidarane på verftsområdet sveist og kutta utan restriksjonar, mens faren bygde seg opp over tid. Under beina deira.

Tomasz Fracek jobba som formann på stål. Gruppa hans jobba med varmt arbeid rett over gasslinja. Foto: Henrik Mundal Andreassen

DSB kan vanskelig oppfatte dette som noe annet enn en mangelfull kompetanse- og sikkerhetstenking ved virksomheten.

Utdrag av politimelding frå DSB

I politiavhøyra kjem det fram at verksemda reagerer på framstillinga til DSB. I avhøyret har politiet notert at verftsdirektør Arve Kleppe seier at politimeldinga ber preg/er formulert som om dei er ein risikobedrift som tar sjansar. Det vil han sterkt ta avstand frå. Er det nokon som har tryggleik i høgsetet så er det verftsindustrien i Aker, står det at Kleppe seier i avhøyret.

Verftsdirektøren seier også at verksemda føler at dei blir mistenkjeleggjorde og sette i gapestokk.

Arve Kleppe forklarer i avhøyret at det internt i verksemda er usemje om lekkasjen 8. desember blei reparert eller ikkje. Men det som er sikkert er at Aker Solutions ikkje kan dokumentera at det har skjedd.

Verftsdirektør Arve Kleppe har i avhøyr forklart seg om svakheiter i gassanlegget og om uklar samhandling. Foto: Henrik Mundal Andreassen (arkiv)

Måtte byggjast om

Arve Kleppe seier også i avhøyret at han meiner at sjølv om verftet hadde utbetra lekkasjen frå 8. desember så kunne det lett, på grunn av den ekstreme kulda, oppstått ein ny. Dette på grunn av det som Aker Solutions fann ut var ei bakanforliggjande årsak.

Røyrnettet blei prosjektert av dei som var godkjent for å gjera det. At designen var dårleg kunne ikkje me vita.

Frå avhøyr av ein av Aker-leiarane

Eit av problema var nemleg at anlegget ikkje hadde ekspansjonsslynger. Anlegget tok ikkje høgde for bevegelse som følgje av temperaturskilnadar. Dermed kan sprengkulda ha vore ein viktig faktor, slik verftet ser det.

Direktøren og Aker Solutions seier også at av dei 29 lekkasjane som DSB har påpeikt, så er det berre éin av dei som har vore i det faste anlegget. Arve Kleppe seier vidare at ein ikkje har late vera å rapportera med føremål av å ikkje vera transparent og open, men fordi hendingane ikkje var rapporteringspliktige.

I Aker Solutions sitt tilsvar kjem det også fram at kummane var tette og utan utlufting. Dermed blei den brannfarlege gassen ståande. Det var ikkje tryggingssone rundt linja og det kunne dermed gå føre seg varmt arbeid i nærleiken.

Operatørane på jobb kunne ikkje vita om faren som lurte under asfalten.

Aker Solutions måtte byggja om heile gasslinja etter hendinga. I mai i fjor fortalde kommunikasjonssjef i Aker Solutions til Sunnhordland at dei hadde fått gasslinja godkjent på ny og at den skulle takast i bruk.

Gasslinja på verftet blei bygt om etter hendinga. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Uklar oppfølging

Aker Solutions hadde ein avtale med Linde Gas som skulle kontrollera gassanlegget. Aker Solutions skriv at gasslekkasjen den 8. desember ikkje blei sett på som så alvorleg at den blei utbetra av Linde Gas.

Tidlegare Aker Solutions-sjef Arve Kleppe seier i avhøyret at det har vore forbetringspotensial i samhandlinga, og at det har vore «uklart kven som skal følgja opp».

Aker-sjefen blir også spurt om feil som blir påpeika i dei årlege kontrollane år etter år, men likevel ikkje utbetra. I avhøyret peiker politiet på at DSB har funne ti slike feil i to etterfølgjande rapportar.

– Her har det vore hòl i den forstand at det ikkje har vore tydeleg nok kven som skal gjera kva, seier Kleppe, som legg til at det er snakk om forhold med låg alvorsgrad.

Kleppe seier også at verksemda ikkje var klar over at ein hadde så mykje gass at ein fall inn under storulukkeforskrifta, og at ein då ein oppdaga dette, reduserte volumet.

«Viktig at me gjer alt som står i vår makt for at noko liknande ikkje skal skje igjen», skriv Odd Naustdal i ein uttale. Foto: Alexander Urrang Hauge (arkiv)

Legg seg flat

Over to og eit halvt år etter eksplosjonen, er det ikkje tvil om at Aker legg seg flate.

– Gasseksplosjonen 29. januar 2021 var ei alvorleg hending som i verste fall kunne hatt fatalt utfall, og som på dramatisk vis demonstrerte at våre rutinar for handtering av gass på anlegget var mangelfulle, seier kommunikasjonssjef Odd Naustdal i ein uttale til Sunnhordland.

– Etter eksplosjonen sette me umiddelbart saman ei intern granskingsgruppe, som gjekk gjennom alle sider ved hendinga. Dette var i tillegg til politiets etterforsking og DSB sin tilsynsgjennomgang. Granskingsgruppa leverte 25 anbefalte aksjonar, som blant anna handla om naudsynte endringar på det fysiske gassanlegget, rutinar for vedlikehald og oppfølging, definering av ansvar og roller, og varsling og krisehandtering, skriv Naustdal.

Aker Solutions skriv at dei i tillegg til å sikra oppfølging og implementering av eigne tiltak og pålegg frå myndigheitene, etablerte ein prosjektorganisasjon beståande av intern og ekstern fagekspertise som var ansvarleg for iverksetting av kvart enkelt tiltak.

Har gjort 25 tiltak

– Alle 25 tiltaka er lukka og gjennomført. I tillegg til intern og ekstern fagekspertise, har me også hatt tett dialog med DSB for å sikra at alle sider ved gasshandteringa på verftet er i tråd med gjeldande regelverk, skriv Aker Solutions.

– For Aker Solutions vil tryggleik alltid komma i første rekke. Når dette sviktar slik det gjorde 29. januar 2021, er det viktig at me gjer alt som står i vår makt for at noko liknande ikkje skal skje igjen, verken på vårt eige verft eller hos andre aktørar, uttaler Aker Solutions.

I ein uttale skriv kommunikasjonssjef Odd Naustdal i Aker Solutions at dei har delt si erfaring etter gassulukka mellom anna gjennom verftsnettverket og Norsk Industri. Foto: Henrik Mundal Andreassen (arkiv)

Dei skriv at dei i tillegg til implementeringa av dei konkrete tiltaka, har derfor læring og erfaringsdeling vore svært viktig, både internt i selskapet, men også til andre aktørar i industrien.

– Me har hatt grundige gjennomgangar både med våre søsterverft i Verdal, Egersund og Sandnessjøen, og med dei andre offshoreverfta gjennom verftsnettverket, Norsk Industri og andre relevante miljø der sikkerheit og industrigass er tema, skriv Aker Solutions, som ikkje ønskjer å kommentera politisaka.

– Når det gjeld politiet si etterforsking, har me ingen kommentar utover at me har opplevd dialogen med dei som konstruktiv og forsøkt å bidra så godt me har kunna med informasjon og dokumentasjon, skriv Aker Solutions.

Sunnhordland har vore i kontakt med Arve Kleppe som no jobbar i Dubai. Han peiker på at han no har avslutta si rolle som direktør, og ikkje har noko å tilføya til saka.

Stor etterforsking

– Korleis er det å etterforska ei sak for så å oppdaga at ho er forelda?

– Frå politiet sin ståstad er det sjølvsagt svært beklageleg at saka blir forelda før ho er påtalavgjort. Det er lagt ned eit stort arbeid av politiet i saka, først på staden, men også i ettertid i etterforskinga. Det seier seg sjølv at politiet ikkje er nøgde med at foreldingsfristen inntrefte før saka var avgjort, svarer Sjur Stava.

Han peiker likevel på at førebyggjande perspektivet ved denne hendinga er vareteken.

– Tilsynsmynde ved DSB har hatt tett oppfølging av bedrifta, og det er gjort større arbeid internt i verksemda for å unngå tilsvarande hendingar i framtida. Politiet er også av den oppfatning at Aker Solutions har tatt læring av hendinga for å unngå at liknande skal kunne skje igjen, seier Stava.

Politiinspektør Pål Jæger-Pedersen i Sør-vest politidistrikt seier at grunnen til at saka blei lagt bort er ein kombinasjon av bemanningsutfordringar på juristsida og ei stor mengde saker som låg til påtalevurdering.

– Dette leia til at me ikkje var tilstrekkeleg merksame på foreldelsesfrista, forklarar Jæger-Pedersen.

Han opplyser at det ikkje blir gitt innstillingar frå politifagleg side når saka blir overført til påtalevurdering.

Brit Skadberg, seksjonssjef i DSB, svarar dette om korleis dei ser på at saka enda på å bli lagt bort.

DSB har tidlegare svara at me har teke henlegginga til etterretning og me står ved dette svaret. Me følgjer opp verksemda når det gjeld mengder farleg stoff som skal oppbevarast ved anlegget, og vil deretter vurdera nytt tilsyn frå DSB, skriv Skadberg i ein e-post til Sunnhordland.

I Norge er den ordinære foreldingsfristen mellom to og 25 år avhengig av kor alvorleg lovbrotet er. Utgangspunktet for forelding av straffansvar blir rekna frå den dagen det straffbare forholdet opphøyrde.

Dette seier straffeloven (§ 86) om forelding.

  • 2 år når den høgste lovbestemte straffa er bot eller fengsel i inntil 1 år.

  • 5 år når den høgste lovbestemte straffa er fengsel i inntil 3 år.

  • 10 år når den høgste lovbestemte straffa er fengsel i inntil 10 år

  • 15 år når den høgste lovbestemte straffa er fengsel i inntil 15 år.

  • 25 år når den høgste lovbestemte straffa er fengsel i inntil 21 år.