Rettarstaden på Lauvhaugen der Ingeborg blei straffa for sine påståtte trolldomskunstar ved å bli brend til døde 21. mai 1650. Foto: Ove A. Olderkjær

Heksebål til varig skrekk og gru

Han er ein av dei som har vakse opp med historia om kvinna som blei straffa og offentleg brend på bål i nabolaget. Det har gjort noko med han. Også det at mentaliteten frå hekseprosessane ikkje brann ut med mellomalderen.