Fekk ei over­rasking etter innflytting

Fredrik Heimro (27) og Amalie Kvarven (26). Arkivfoto: Preben Ørpetveit Solberg

Fredrik Heimro (27) og Amalie Kvarven (26) flytta inn i sin nye funkisbustad på Rubbestadneset for sju månadar sidan.

Ei veke etter innflytting fekk dei seg ei overrasking.

Les heile saka her.

Frå fangehus til hotell

Gamle Fengselet kulturhotell. Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen

Mykje gammal smerte, fortviling og ein god del barnegråt sit i veggene på det som har blitt eitt av dei mest særprega hotella på våre kantar.

Les heile saka her.

Ein dramatisk start på livet

Nina Maria Seljestad og sonen Thorvald. Arkivfoto: Privat

Nina Maria Seljestad fekk fødselsangst etter første fødsel. Så fekk ho ein dramatisk start på tilværet som tobarnsmor.

– Det er ikkje nødvendigvis problemfritt å gå gravid og føda, seier ho.

Les heile saka her.

Jakt med bomber og rakettar

Faksimile frå Bergens Tidende.

Sunnhordland opplevde seks døger med krigsliknande tilstandar våren 1983, då det fleire stader i fjordbassenget var observasjon av mogeleg russisk ubåt.

Les heile saka her.

«Du mamma, slapp heilt av, dette går fint»

Sofie og Martin Nygård. Arkivfoto: Ingvild Siglen Berger.

Det er laurdag 30. april 2022. Klokka er 08.00, og Martin Nygård heiser flagget på familiegarden på Hovstad i Fitjar.

Denne dagen skal kona Sofie Nygård feira 80-årsdagen sin. Det er planlagt ope hus i eit selskapslokale, maten er bestilt, og fleire av gjestene har komme langvegsfrå. Paret skal snart byrja så smått med å gjera seg klare for dagen.

Men så får dei ein beskjed som skal slå dei heilt i bakken.

Les heile saka her.

Flytta austover for å bli best

Tonje Engevik. Arkivfoto: Preben Ørpetveit Solberg

Tonje Engevik tar plass inne i skyttarbua. Målet er 100 meter lenger framme.

Skiva som brukast i skyting er 600 mm i diameter. Innertiaren er 300 mm.

Ho passar på pusten. Det er ikkje så enkelt å læra seg å pusta, som ein skulle tru det var.

Les heile saka her.

Selde kebab for over 50.000

Konstantinos «Kosta» Vyzantios. Arkivfoto: Jonas Tislevoll

I nesten to tiår har Konstantinos Vyzantios (52) servert stordabuen kebab og pizza.

– Eg har blitt veldig glad i Stord, seier han.

På det meste selde «Kosta» kebabar for over 50.000 kroner per dag.

Les heile saka her.

Småbruket på Lunde­mannsverk

Sverre Brufladt og Ida Kleppe. Arkivfoto: Frida Tvedte Matre

Det er ein torsdag morgon på Lundemannsverk på Stord. Tidleg, men langt frå stille.

Klokka er ni, og Ida Kleppe og mannen Sverre Brufladt kjem ut av driftsbygget på småbruket deira. Døra står på vidt gap og eit skilt med «Butikk» er plassert framføre. Paret har allereie opna dagens grønsakutsal.

Les heile saka her.

Her har dei 4.000 vinflasker

Arkivfoto: Preben Ørpetveit Solberg

Raud, kvit, rosé, sprudlande, musserande. Chardonnay, Riesling, Champagne.

Det finst så mangt i vin-verda.

Mange går for det enkle, det dei har høyrt om. Så lenge det smakar godt, er det bra. Eller billig.

Nokon tek vin til det neste nivået.

Les heile saka her.

Gass-vekkjaren

Martin Hamre. Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen

«Inni helsikken kraftig» seier kranførar Martin Hamre (44) til politiet om smellen.

Frå tid til anna kjem det høge og uventa lydar frå verftsområdet på Eldøyane.

Men dette var annleis.

Les heile saka her.